Hopp til innhold

Mann fall 20 meter ned i bresprekk – heist opp etter fire timar

Ein kanadisk statsborgar er sendt til sjukehus med helikopter etter at han fall ned i ein bresprekk på Folgefonna.

Mann falt i bresprekk

Klokka 15.49 fekk naudetatane melding frå ein kanadisk statsborgar som hadde falle ned i ein bresprekk. Hovudredningssentralen sette i verk ein redningsaksjon kort tid etterpå.

– Det er funne spor i snøen og sklispor som ser ut til å enda i ein bresprekk. Det blir no forsøkt å ta seg ned, men redningsmannskapa må tenka på eigen tryggleik, seier redningsleiar Bjørn Jarle Åmlid i HRS til NRK klokka 19.

Laster Twitter-innhold

Til sjukehus med helikopter

Redningshelikopter, luftambulanse og eit loshelikopter frå Airlift deltok i søket for å finna kvar mannen befann seg. Redningsmenn frå Hordaland alpine redningsgruppe blei sendt inn med helikopter for å hjelpa mannen ut.

Klokka 19.34 stadfesta Vest politidistrikt at mannen var heist ut. Mannen blir sendt med helikopter til Haukeland sjukehus.

– Mannen er medviten og etter forholda i fin form, opplyser operasjonsleiar Dag Olav Sætre i ei pressemelding.

Skal ha falle rundt 20 meter

Åtte personar frå det lokale brannvesenet deltok også i aksjonen, som gjekk føre seg om lag 500 meter frå sommarskisenteret Fonna Glacier Resort på nordvestsida av isbreen.

Ei alpingruppe på fem personar er i ferd med å ta seg ned til mannen, opplyser vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen i Hordaland klokka 19.20

I samtale med HRS skal mannen ha anslått at han har falle om lag 20 meter.

– Det er vanskeleg terreng. Me veit ikkje kor langt ned det er, seier Lund.

Laster Twitter-innhold

Braut kontakten med med mannen

Vest politidistrikt sende ut ein pressemelding klokka 19.04. Ifølge operasjonsleiar Dag Olav Sætre var mannen åleine då han fall ned. Han hadde lite informasjon om kvar han var.

HRS har vore i direkte kontakt med kanadiaren.

– Mannen opplyste at han var forslått. Utover det kjenner me ikkje til om han er skadd, seier redningsleiar Åmlid.

Mannen blei redda ut fire timar etter at han melde frå. HRS braut kontakten med mannen, då han var i ferd med å gå tom for straum.

– Me blei einige om at han skulle spara straum til det eventuelt blei meir prekært, seier Åmlid.

Dagleg leiar ved Fonna Glacier Resort, Andreas Skogseth, seier mannen hadde gått i eit terreng som ligg eit godt stykke frå skianlegget.