Hopp til innhold

Kan det bli null nedbør under sykkel-VM?

Det er nesten utruleg: Etter ein søkkvåt sommar kan det bli finvêr dei sju første dagane av sykkel-VM i Bergen. Men meteorologen trur ikkje heilt på det.

Bergen klargjøres for sykkel-VM

VÊRAVHENGIG: Langtidsvarselet viser sol, sol og atter sol, men meteorologen er usikker på om opphaldsvêret held stand i regnbyen Bergen.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Det er torsdag – to dagar igjen til sykkel-VM startar i regnbyen Bergen – og sola skin frå skyfri himmel over byen. Går det an å håpa ...?

– I Bergen kan ein vera ganske uheldig med vêret i september. For å seia det rett ut: September er den månaden som normalt har mest nedbør.

Det seier vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vervarslinga på Vestlandet.

Dialekta avslører at ho ikkje ein gong er bergensar.

– Men eg har budd lenge i Bergen, og veit kor gale vêret kan vera!

Det nyaste langtidsvarselet for VM-veka ser uansett veldig bra ut:

Langtidsvarsel for Bergen under sykkel-VM

HÅP: Langtidsvarselet ser svært lovande ut for sykkel-VM i regnbyen, men uvissa ligg skjult i detaljane.

Foto: Skjermdump yr.no

Ein god start

Trass i denne pessimismen ser Andersen relativt lyst på utsiktene til tørr asfalt.

– Det ser no lovande ut for sykkel-VM. Laurdag, den første arrangementsdagen, ser det ganske bra ut med rolege vindtilhøve og for det meste fint ver. Det må vel vera ein god start.

– Men verdsmeisterskapen skal vara i ni dagar. Er éin soldag det me får?

– Søndagen ser også ganske grei ut. Lite vind, men ein viss sjanse for somme regnbyer. I så fall kortvarig og periodar med sol.

Vått eller flott?

Også måndag lovar bra – for det meste opphaldsvêr og periodar med sol.

– Men tysdag og vidare er det nok større sjanse for nedbør. Det er meir usikkert korleis vêrsystema legg seg når me kjem ut i veka. Me må førebu oss på nedbørsperiodar frå midt i veka.

Dette er vel strengt tatt ikkje så hakkande gale, og heller ikkje særleg overraskande. Men likevel skuffande, for torsdag ser langtidsvarselet på yr.no slik ut:

Null millimeter nedbør frå fredag til fredag.

Meteorolog Andersen berre ler når me nemner at ho er meir pessimistisk enn yr.no.

– Det ser kanskje slik ut på yr, men du må sjekka fargekodane på langtidsvarselet. Dei viser om varselet er usikkert. Det kan fort bli ganske tørt. Me kan jo håpa på det. Men eg torer ikkje å lova det.

Anne Solveig Andersen

LITT GLEDESDREPAR: Det ser så flott ut på yr.no, men meteorolog Anne Solveig Andersen er ikkje like sikker på at asfalten held seg tørr.

Foto: Marit Hommedal

I alle fall ikkje storm

Kanskje me bør retta håpet lenger vest? Syklistane skal jo sykla ulike stader, mellom anna langt ute i havgapet i Øygarden.

Er vêrmeldinga betre der enn inne i byen?

– Det er vanskeleg å spå forskjellar på eit så lite område såpass langt fram i tid. Ofte kan det vera betre vêr heilt ute ved kysten, men det ser ut til at det kan ligga ein front ute i havet i slutten av veka. Den kan godt koma inn til Øygarden.