Hopp til innhold

Streik fører til kamp om leigebilar

Over ein time før streiken starta stod folk og banka på dørene til bilutleige-firma i Bergen.

Travelt hos bilutleige-firma
Foto: Grim Berge / NRK

Flyplass-streiken fører til at folk er desperate etter alternative reisemåtar.

Hos Avis i Bergen var dei første kundane på plass klokka før sju i dag tidleg.

- Dei stod og skrapte på døra og ville inn, seier distriktssjef i Avis bilutleie, Eli Wiers-Løvås.

Fyllekjøring

ETTERTRAKTA: Leigebilar er brått blitt ekstra ettertrakta.

Foto: Scanpix / Scanpix

- Det har vore ein enorm pågang. Men akkurat no er det heilt tomt. Vi får kanskje inn bilar i retur frå andre avdelingar seinare, men dette er usikkert, seier ho.

Wiers-Løvås reknar med at 17. mai-feiringa må leggast litt til side denne gangen.

- Det blir nok ei veldig travel helg, seier ho.

Les også:

Flystreiken rammar Klanen

- Jobben glipper på grunn av streiken

Full stans på Flesland