NRK Meny
Normal

Kald måling i Løvstakken møter skepsis

Forskarar hevdar Løvstakken i Bergen ikkje er heit nok til å varma byens innbyggjarar. Professor Atle Rotevatn ved UiB meiner ein ikkje har bora djupt nok.

Jordvarme Løvstakken

SKEPSIS: Professor og geolog Atle Rotevatn ved UiB (til høgre) seier funna av låge temperaturar i Løvstakken er interessante, men er likevel skeptiske.

Foto: Ingunn Halvorsen / UiB

– Vi ser på arbeidet som interessant, men er skeptiske til delar av konklusjonen fordi arbeidet i stor grad baserer temperaturmålingar frå eit svært beskjedent djup i kombinasjon med modellering. Det er svært vanskeleg basert på dette å føresjå temperaturen i berget på større djup, seier Rotevatn til NRK.

Han er professor i struktur- og reservoargeologi ved Universitetet i Bergen, og har vore mellom dei som har snakka høgast om energipotensialet i Løvstakken i Bergen.

Det er målt høg radioaktivitet i granitten i eit av byens sju fjell, og ein har hatt håp om å utnytte varmen og energien i radioaktiviteten til foreksempel oppvarming av hus.

– Har ikkje bora djupt nok

Løvstakken i Bergen

IKKJE VARMT NOK: Løvstakken er eit av Bergens sju fjell og ligg sør for sentrum, 479 moh. over havet. Håpet har vore at fjellet ikkje berre skal vera ein ynda topp for byens innbyggjarar, men også ein 'radiator' i framtida.

Foto: Aqwis / Creative Commons

Men forskarar ved Noregs Geologiske Undersøkelse har målt lågare temperaturar i fjellet enn det ein først venta. Draumen om å varme byens innbyggjarar med geotermisk energi har dermed fått eit slag for baugen.

Funnet har overraska forskarane, men målingane møter altså skepsis hjå professor Rotevatn i Bergen. Ein av forklaringane til NGU på den låge temperaturen 500 meter ned i fjellet, er at mykje nedbør og snøsmelting går ned i grunnen gjennom sprekkar og kjølar ned berget.

– Men vi meiner at ein ikkje nødvendigvis «ser» effekten av den radioaktive varmeproduksjonen på det grunne djupet som brønnen i Fyllingsdalen er bora til. På slike djup blir temperaturen dominert av klimaet på overlata, og det må borast djupare for å konkludera, seier Rotevatn.

Boring etter geotermisk energi på Løvstakken i Bergen

500 METER: NGU bora 500 meter ned i fjellet på Løvstakken i Bergen. – Ikkje djupt nok til å konkludera at temperaturen ikkje er høg nok, meiner professor Atle Rotevatn ved UiB.

Foto: NGU

Meiner jordvarme er framtida

Ifølge forskarane bør det målast ein auke på 30 grader per kilometer djupn i fjellet, før det, med dagens energiprisar, er nokon vits i å henta energien opp. I Bergen vart resultatet 16,5 grader/km.

– Men ein må også sjå litt større på det. Vi ynskjer å sjå ein auka utnytting av denne energiformen på global basis. Det kan erstatta mykje utslepp av til dømes klimagassar.

Geologane ved UiB jobbar med fleire prosjekt knytt til geotermisk energi og har nyleg fått 10 millionar kroner frå Forskingsrådet til å utvikle løysingar for geotermi som kan brukast globalt.

Rotevatn har ikkje gitt opp draumen om eit fjellvarmeanlegg i Løvstakken i Bergen.

– Det er stor interesse for geotermi internasjonalt og det kjem til å bli viktigare og viktigare i tiåra framover. Forhåpentlegvis kan Løvstakken i framtida bli eit testanlegg, eit slags naturleg laboratorium, der vi kan bruke kunnskapen frå oljeindustrien til å forske fram løysingar for utnytting av geotermal energi og dele den kunnskapen globalt, avsluttar Rotevatn.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.