Hopp til innhold

Jondal går for storkommune i Hardanger

Jondal KrF går inn for kommunesamanslåing med Odda og Ullensvang. Dermed er det fleirtal for samanslåing i kommunestyret. – Ei trist avslutning for kommunen, seier Senterpartiet i Jondal.

Jondal

STÅR IKKJE ALEINE: Alt tydar på at Jondal går inn for ei kommunesamanslåing i kommunestyret 8. juni.

Foto: G. H. Molland/Jondal kommune

På Jondal KrF sitt gruppemøte tysdag kveld blei dei einige om å gå inn for ein storkommune saman med Odda og Ullensvang.

Etter folkerøystinga førre veke var det svært jamt mellom ja- og nei sida, og KrF sine to representantar er i vippeposisjon i kommunestyret. Dei ønska opphavleg ei samanslåing med Kvam, men dette forslaget fekk låg oppslutnad i folkerøystinga.

– Me har heile tida stått for at me ønsker ei samanslåing, etter ei samla vurdering synest me det er betre å gå aktivt inn for ein ny kommune enn å stå utanfor, seier varaordførar i Jondal, Reidun Haugen Dalseth (KrF).

– Svært skuffa

Nyheita vart ikkje godt motteke hjå Senterpartiet.

– KrF har vald å oversjå at over 50 prosent av innbyggarane i kommunen har stemt for å fortsetja som eigen kommune. Det hadde me ikkje forventa av eit parti med deira verdisyn, det er ei trist avslutning for ein kommune i vekst, seier leiar i Jondal Sp, Sigrid Brattabø Handegard.

Ho meiner KrF fører folket bak lyset.

– Valdeltakinga var på over 70 prosent, og folkemeininga skulle såleis vera godt forankra. At alternativet som fekk under 40 prosent oppslutnad i folkerøystinga, samanslåing med Odda og Ullensvang, skal føretrekkjast, er å halda folket for narr.

– Me må ta kritikken

– Det er forståeleg at det kjem ei reaksjon, og at me kan kritiserast for å ikkje lytta til folkerøystinga. Men me ser det slik at det er eit lite fleirtal for at me skal stå aleine, og då har me landa på det me trur det er det beste for kommunen, og så får me heller ta den kritikken, seier Haugen Dalseth.

KrF meiner at som del av ein ny kommune, vil Jondal få eit større og sterkare fagmiljø, og slik kunna utvikla potensial innanfor næringsliv og turisme.

– Vår viktigaste oppgåve framover vil vera å arbeida for eit lokalt forankra og desentralisert tenestetilbod til våre innbyggjarar, seier Dalseth.

Ullensvang kommune

Både i Odda og Ullensvang er det fleirtal for ei kommunesamanslåing med Jondal.

Dermed ligg alt no til rette for ein ny storkommune i Hardanger. Ifølge intensjonsavtalen skal kommunen heita Ullensvang, og ha administrasjonssenter i Odda.

Arbeidarpartiet i Jondal har heile tida kjempa for sør-alternativet. Dei er no svært nøgde med at KrF har landa på det same.

– Me er veldig glad for dette. KrF har vist ryddigheit, og dei står støtt på argumentasjonen som dei har ført i lang tid. Dette med sterke fagmiljø og betre økonomi er viktig, og det er eit stort potensial i den nye kommunen, seier Olav Magnus Hammer, gruppeleiar i Ap.