Hopp til innhold

Jon Fosse med stikk til bokmålbyen Bergen

Då Erna Solberg spurde Jon Fosse om han ville dele litteraturprisen med Bergen, var svaret kontant: – Det vil eg ikkje ha noko snakk om.

Jon Fosse

I Bergen snakkar dei dansk-norsk, meiner Jon Fosse om den gamle heimbyen.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Etter å ha motteke den gjeve prisen tysdag kveld, gjekk det ikkje lang tid før Jon Fosse kom med sin hyllest til nynorsken. Eit skriftspråk han meiner har vore avgjerande for forfattarskapet hans.

– Det har vore enormt viktig. Det er eit språk som ligg nært til den dialekten eg er oppvaksen med, seier kvemmingen Fosse, som er oppvaksen i Strandebarm i Hardanger.

No bur han i Wien i Austerrike, men han har også mange år bak seg i Bergen.

– Dansk-norske Bergen

Gårsdagens pris vert på ingen måte dedikert til «Vestlandets hovudstad».

Då statsminister Erna Solberg nyleg spurde han om dette også var ein pris til hovudstaden på Vestlandet, var svaret klart:

– Nei, det vil eg ikkje ha noko snakk om. Dette er ein pris til Vestlandet, vil eg seie. Vestlandet er jo nynorsken sitt hovudområdet med eitt unnatak, Bergen. Der er riksmålet eller bokmålet eller dansk-norsk er det dominerande språket.

– Så statsministeren fekk ikkje prisen heim til heimbyen sin?

– Nei, vi må nok dele den med resten av Vestlandet, svarar Fosse.

Jon Fosse fikk tirsdag kveld Nordisk råds litteraturpris.

FEKK ENDELEG PRISEN: Sjå takketalen til Jon Fosse under utdelinga i Reykjavik tysdag.

Meiner nynorsken blir mobba

– Eg har levd eit omskifteleg liv, og nynorsken har for meg vore ein slags heim i verda. Etter kvart har den blitt det. Min heim. Og så blir det endå meir innbiten fordi nynorsken er eit minoritetsspråk som er ganske mobba og hata. Då blir ein jo stri, seier hans.

Fosse var førehandsfavoritt til å få den eldste og mest prestisjefylte av prisane Nordisk Råd deler ut.

Fosse var også ein av favorittane til nobelprisen i litteratur for tre veker sidan. Då fekk han ikkje prisen, noko han sjølv sa seg glad for. Då la han heller ikkje skjul på at han ville bli skuffa om han ikkje ville vinne prisen frå Nordisk Råd.

– Eg kan vedgå at om eg ikkje får den så blir eg skuffa, sa han til NRK då.

LES MEIR: – Letta og glad for ikkje å få nobelprisen