NRK Meny
Normal

John Olav Nilsen er tilbake – på engelsk

John Olav Nilsen er ute med sin fyrste elektroniske popsingel på engelsk. – Eg var lei av å skrive på norsk, forklarar han.

John Olav Nilsen og Eirik Vestrheim samarbeider på ny singel.

NY SINGEL: John Olav Nilsen er ute med singelen Fear & Fire saman med Eirik Vestrheim.

John Olav Nilsen kjem med sin fyrste offisielle singel sidan Loddefjord-bandet John Olav Nilsen & Gjengen gjekk kvar til sitt.

Saman med Eirik Vestrheim har Nilsen laga den elektroniske poplåten Fear & Fire, som også er det fyrste han har gitt ut på engelsk.

– Eg var lei av å skrive på norsk. Eg hadde skrive tre plater på norsk, det har eg gjort heile livet. Eg trur det er viktig at det i alle former ein uttrykker seg på må vere ei form for spenning og fallhøgde, seier Nilsen.

  • Høyr heile intervjuet med John Olav Nilsen i videoen øvst i saka

Ser ikkje bort frå ny plate

Nilsen har spelt saman med Vestrheim tidlegare.

– Eirik har bakgrunn frå Love Dance, ei gruppe me i Gjengen var store fans av. Så spelte me saman og blei venner, seier Nilsen.

Til no har dei to ein singel ute. Om det kjem eit album ut av samarbeidet, står att å sjå.

– Dei trådane me har, skal bindast saman. Om det heiter «album» til slutt, veit me ikkje. Men me har så mange gode ting på gang at det vil vere dumt å setje punktum, seier Vestrheim.

LES OGSÅ: Frode Grytten fekk teaterhjelp av John Olav Nilsen

Siste video

Vestlandsrevyen 12. desember 2017
.....på kaien ventet familien.