NRK Meny
Normal

«Monster-linjene» samlar 125 kilo is per meter

– Det har vore tøffare forhold enn vi rekna med, seier Statnett. Dei enorme ismengdene trugar straumforsyninga i bergensområdet.

Is skapar trøbbel for Statnett i Hardanger

GAV ETTER FOR ISEN: Topplinja på høgspenttraseen mellom Sima-Samnanger gav etter for ismengdane i januar i fjor. I ettertid har Statnett grave ned topplinene på delar av strekninga ved Ålvik, utan at isproblema er ute av verda.

Foto: Ole Gustav Berg / Statnett

Kraftlinjer tunge av is

TUNGE AV IS: Høgspentlinjene heng tunge av is over vinterfjellet i Hardanger.

Foto: Ole Gustav Berg / Statnett
Synnøve Kvamme fjernes av politiet

AKSJONAR: Politiet fjernar to demonstrantar i samband med demonstrasjonane mot hardangermastene.

Foto: Margrete Synnøve Jakobsen, Hardangeraksjonen / NTB scanpix

For andre vinteren på rad melder Statnett om problem med stabiliteten på den kontroversielle kraftlinja gjennom hardangernaturen.

Store mengder is gjer at linja mellom Sima og Samnanger er meir ustabil enn Statnett hadde håpa på.

– Det har vore større utfordringar enn det som er vanleg for nye linjer. Me har fleire gongar hatt driftsstans og vanskar med å føra fram nok kraft, seier Henrik Glette, kommunikasjonsdirektør i Statnett.

Fem gongar så mykje is som venta

Før bygginga rekna ekspertar seg fram til at det kunne samla seg opp mot 25 kilo is per meter, på dei mest utsette delane av høgspenttraseen. Nye utrekningar viser at ismengdane kan vera fem gongar større.

Henrik Glette

JOBBAR MED SAKA: Kommunikasjonssjef i Statnett Henrik Glette.

Foto: Ingunn Rauk/NRK

Det betyr opp mot 125 kilo is for kvar meter med kraftlinje. Ved fleire høve har linjene tatt nedi bakken, eller gitt etter for ismengdene.

– Det har vore tøffare forhold enn me rekna med. Me jobbar med løysingar og ser på kva som er mogeleg å utbetra når det vert sommar og lettare å jobba i fjellet, seier Glette.

Det er dei såkalla topplinjene, som heng over dei straumførande linjene som er mest utsette for isen. I sommar vart topplinjene på delar av strekninga lagt ned i bakken for å betra tilhøva, utan at isproblema er ute av verda.

– Kan mørklegga heile bergensområdet

Linja vart, trass store protestar, bygd for å supplera dei to eksisterande hovudlinjene mot bergensområdet. Grunngjevinga var ei meir stabil straumforsyning.

Kraftlinjene er fulle av is

125 KILO: På dei mest utsette delane av linjetraseen er det opp mot 125 kilo is for kvar meter kraftlinje.

Foto: Ole Gustav Berg / Statnett

Denne vinteren har alle dei tre linjene vorte slått ut av naturkreftene. Grunnen til at straumkundane ikkje har merka noko, er at det til alt hell alltid har vore ei linje i normal drift.

Hjå BKK, som har ansvar for det regionale nettet, har pulsen likevel tidvis vore høg.

– I verste fall kan heile området mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden gå i svart. I alle fall områda frå Bergen og ut mot kysten, seier Thor Andre Berg, nettdirektør i BKK.

Fleire gongar har berre ei av dei tre sentrale linjene fungert.

– Det er ikkje så reint sjeldan dette har skjedd. Heldigvis har me hatt reserveløysingar som har fungert, seier nettdirektøren.

LES OGSÅ: Monstermastene tåler ikke isen i Hardanger

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo