TV-innslaga frå Kvinnherad skulle sendast ut via breiband, men kundene var få og kostandane for høge.
Permitterte medarbeidarar
For dagleg leiar og redaktør Kristian Hus er det viktigaste no å redda nettavisa innsida.no.
Dei to medarbeidarane som skulle laga tv-innslaga er permitterte.
Mot konkurs
I selskapet Innsida AS har Kvinnherad Breiband AS aksjemajoriteten med 51% av aksjane.
Breibandselskapet har difor ei sentral rolle i høve den vidare lagnaden for nettstaden.
– Eg ser for meg styrt avvikling eller konkurs. Å tilføra selskapet meir pengar ser eg på som uaktuelt, seier styreleiar Terje Enes til nettstaden innsida.no.