NRK Meny
Normal

Her er feila politiet gjorde i etterforskinga

Politiet får sterk kritikk for at den første etterforskinga av Monika-saka i for stor grad handla om ein teori: At åtteåringen tok sitt eige liv.

Riksadvokten og Monika-saken

KRITIKK: Riksadvokat Tor-Aksel Busch sette i gang gransking av Monika-saka på eiget initiativ. I dag presenterte han ein lang rapport som slår ned på politiet sitt arbeid.

Foto: NRK/Privat

Ei arbeidsgruppe på fem personar har på mandat frå Riksadvokaten i fleire månadar jobba med gransking av Hordaland-politiet si etterforsking av Monika Sviglinskaja (8) sin død. I dag var rapporten klar, og kritikken er kraftig.

Her er feila som politiet gjorde i etterforskinga

Spesielt kritisk er Riksadvokaten til at sjølvdrap fort vart politietterforskarane sin hovudteori, og at etterforskinga i stor grad handla om å bekrefte denne teorien.

Førstestatsadvokat Bjørn Soknes, som leia arbeidsgruppa var klar i sin tale til eit samla pressekorps ved Riksadvokatens kontor.

Det var feil å legge vekk saka som sjølvdrap. Det var det ikkje grunnlag for.

Førstestatsadvokat Bjørn Soknes

Her er fem punkt som slår ned på feil i politiet si etterforsking av saka:

1. Teorien om sjølvdrap styrte etterforskinga

Monika Sviglinskaja

ENDRAR POLITIET: Dødsfallet til Monika Sviglinskaja (8) kan føre til endringar i norsk politi.

Teorien om sjølvdrap dukka opp same kvelden den dagen Monika (8) vart funne død i bustaden på Sund i november 2011. Ein etterforskar som skulle avhøyre mora, fekk informasjon om at det var omstende på åstaden som indikerte at ein ikkje stod ovanfor eit drap.

«Teorien om sjølvdrap hadde verken då eller seinare godt nok bevisgrunnlag og teorien har i alt for stor grad prega etterforskinga», er dommen i rapporten.

– Det har festa seg ein hovudteori som har prega vala og etterforskingsstega som dei har gjort seinare i saka. Det har kanskje også påverka ting dei ikkje har gjort, forklarer politioverbetjent Bjørn Kåre Dahl til NRK. Han er ein av dei fem i arbeidsgruppa som har jobba med rapporten.

Det var mora som fann Monika død i leilegheita. Ein av teoriane som politiet hadde var at Monika si mor, Kristina Sviglinskaja, sjølv arrangerte innbrotet i leilegheita for å skjula eit eventuelt sjølvdrap. Ønsket om å skjula det meinte politiet var på grunn av mora sin katolske tru.

«Mor er til dømes ikkje avhøyrt om dette, og det er etter Arbeidsgruppa si oppfatning at fleire etterforskingssteg som ikkje gir støtte for ein slik teori. Teorien står fram uansett som mangelfullt jobba ut», står det i rapporten.

8-åring funnet død

FUNNEN DØD: Då åtte år gamle Monika vart funnen død her i heimen sin i Sund, gjekk politiet for tidleg inn på ein teori om sjølvdrap, meiner Riksadvokaten.

Foto: Remi Presttun/Bergensfoto.no

2. Manglar og feil i etterforskinga

Det var ikkje tydeleg kven som var etterforskingsleiar då saka gjekk over i ein ny fase i desember 2011. Den opphavlege etterforskingsleiaren var frå då av mindre til stades. Det låg heller ikkje føre nokon etterforskingsplan. Kven som hadde funksjon som lokal etterforskingsleiar etter desember 2011 er ikkje klart. Etterforskingsgruppa bestod hovudsakleg av etterforskarar frå Sotra-politiet, og ingen av dei arbeidsgruppa har snakka med hadde erfaring med etterforsking av drap.

I gjennomgangen er det påvist at spormaterial som ein trudde var undersøkt, ikkje var det. Årsakene synast å vera dårleg kommunikasjon og misforståingar. Arbeidsgruppa meiner fleire spor burde vore sikra på åstaden, og at ytterlegare undersøkingar burde vore gjort i fleire rom, spesielt då det kom fram at fleire smykke var vekke.

Igjen trekk Riksadvokaten si arbeidsgruppe fram at nokon av desse manglane er knytt til at ein låste seg til teorien om sjølvdrap.

Åtte år gammel jente funnet død

SIKRA IKKJE SPOR: Politiet får kritikk for ikkje å ha sikra fleire spor på åstaden.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB scanpix

3. Gjennomførte ikkje rekonstruksjon

Politiet gjennomførte ikkje rekonstruksjon av henginga, som var dødsårsaka. Monika vart funne med eit svart belte rundt halsen, som igjen var festa i eit dørhandtak. Det var på mellom anna på dette beltet ein fann DNA-spor som leia til arrestasjonen og drapssiktinga av åtteåringen sin eks-stefar (32).

«Det at det ikkje vart gjennomført rekonstruksjon av henginga, står fram som uforståeleg», heiter det i rapporten.

Vi meiner det burde vore gjennomført rekonstruksjon. For den kunne gjeve eit svar, uansett kva teori ein jobba med.

Politioverbetjent og medlem i Arbeidsgruppa, Bjørn Kåre Dahl
Monika-siktet

SIKTA: To år etter at saka først vart lagt bort, vart den 32 år gamle tidlegare sambuaren til Monika si mor, pågripen og sikta for drap.

4. Følgde ikkje opp truslar og vitneobservasjonar

Mor til Monika tok imot fleire trugselmeldingar som politiet ikkje følgde opp. Det omtala Facebook-sporet, som var ein melding mora tok imot, vart også lagt vekk før det var ferdig undersøkt. I meldinga var det informasjon om kva som var stole frå leilegheita den dagen Monika vart funne død.

Kripos hjelpte til politidistriktet med å opprette kontakt med Facebook får å hente ut informasjon om avsendar, men førespurnaden vart kansellert av påtalejurist 6. juli 2012, ein knapp månad før heile saka vart lagt vekk som sjølvdrap.

Tre vitne som hadde informasjon om ukjente personar i nærområdet i det aktuelle tidsrommet, vart ikkje følgt opp godt nok. I tillegg får politiet kritikk for mangelfulle undersøkingar om mora sin tidlegare sambuar, som no er sikta for drap etter at saka vart tatt opp igjen. Ein oppfølging med alibi-sjekk av den 32 år gamle mannen vart ikkje gjort.

I samanheng med teorien om at mor juksa med åstaden, vart det heller ikkje laga nokon tidsplan over hennar bevegelsar for å bekrefte eller avkrefte denne teorien.

Kristina Sviglinskaja

TRUSLAR: Monikas mor Kristina Sviglinskaja tok imot truslar og mistenkelege Facebook-meldingar, utan at det vart følgt opp av politiet i tilstrekkeleg grad.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

5. Ba ikkje om bistand frå Kripos

Det vart ikkje bedt om taktisk bistand frå Kripos frå politidistriktet. Etterforskingsleiaren meinte Hordaland politidistrikt hadde tilstrekkelege ressursar og nødvendig kompetanse til å etterforske saka sjølv.

Kripos fekk likevel ein presentasjon av saka, og var både involvert på eit arbeidsmøte med leiinga i Hordaland politidistrikt og på synfaring på åstaden. Der vart sentrale funn gått gjennom og diskutert. Eit av momenta i saka er at mobiltelefonen til Monika forsvann og aldri vart funne.

«Mobilen til avdøde er borte. Forkastar teorien om selvdrap» skriv Kripos i eit internt notat.

Kripos venta på førespurnad om taktisk bistand frå politidistriktet, men den kom altså ikkje.

– Arbeidsmøtet vart arrangert fordi alle partar meinte det var interessant å få eit eksternt blikk på saka, seier politiadvokat Hilde Strand som også sat i arbeidsgruppa som jobba med rapporten.

– Det var manglande oppfølging etter møtet, og vi ser det som ei svakheit.

Geir Gudmundsen

FÅR KRITIKK: Geir Gudmundsen, politimeister i Hordaland, må no svare på kritikken frå Riksadvokaten.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.