Hopp til innhold

Offiser hadde store mengder ulovlege våpen og ammunisjon heime

Offiseren i Heimevernet er også dømt for å ha oppbevart eit grovkalibra maskingevær. – Ein høg risiko for samfunnet at tiltalte hadde eit slikt våpen, heiter det i dommen. 35-åringen vil anka.

Beslag i dom mot logistikkoffiser i Heimevernet

BESLAG: Mannen var logistikkoffiser i Heimevernet då politiet slo til mot mannen si adresse august 2016.

Foto: Politiet

Ein 35 år gamal mann er dømt til 120 dagar fengsel utan vilkår for å ha stole store mengder ammunisjon og våpendelar frå Forsvaret.

Mannen er også dømt for grov ulovleg omgang med skytevåpen og eksplosiv og grovt brot på våpenlovgjevinga. Då politiet aksjonerte mot bustaden hans i Hordaland i august 2016, fann dei eit maskingevær og store mengder våpendelar utan løyve.

I tillegg fann dei titusenvis av patroner som ikkje var låst ned.

– Følgene kunne ha blitt alvorlege dersom uvedkomande hadde fått tak i dei 15.000 patronene mannen oppbevarte i eit usikra kott, heiter det i den ferske dommen frå Bergen tingrett.

Sundag opplyser forsvarsadvokaten overfor NRK at mannen har bestemt seg for å anka.

Hadde vore tilsett i eitt år

Det straffbare forholda skjedde mellom 2015 og 2016. Først denne veka blei mannen dømt. BA omtalte dommen først.

Mannen var logistikkoffiser i ein av heimevernsstyrkane i Hordaland. Han hadde materiellansvar, og stod for inn- og utlevering av utstyr, i tillegg til å føra kontroll med våpen og ammunisjon.

Retten meiner det er skjerpande at mannen har utnytta tillitsposisjonen han har hatt.

– Han har hatt ei viktig stilling og posisjon i Forsvaret som skal tena heile samfunnet sine interesser. Slik sett har tiltalte gjort eit tillitsbrot også overfor samfunnet, heiter det i dommen.

Mannen blei umiddelbart suspendert då politiet aksjonerte. Då hadde logistikkoffiseren vore tilsett i eitt år.

– Dette er først og fremst ei trist sak. For Forsvaret er det viktig at mannen blir dømt for å visa at ein tar denne typen alvorlege forhold på alvor, seier kommunikasjonssjef i Heimevernet, oberstløytnant Per Gunnar Grosberghaugen.

Innsatsstyrke Bjørn West HV-09, Innsatsstyrke Bjørn West

ØVING: Mannen sa i retten at han hadde gløymt å levera tilbake våpendelar til Ulven leir etter ei øving i Rogaland. Retten trudde han ikkje. Biletet er frå ei øving på Ulven leir i 2017. Mannen var ikkje med i Heimevernet på dette tidspunktet.

Foto: Marte Brohaug/ Forsvaret / Marte Brohaug / Forsvaret

Jugoslavisk maskingevær frå andre verdskrig

Under ransakinga fann politiet eit jugoslavisk MG3 maskingevær frå andre verdskrig, som mannen oppgir å ha oppbevart som eit samleobjekt.

Den tidlegare offiseren sa i retten at han hadde kjøpt våpenet på Finn.no og at våpenet var deaktivert.

Retten vurderte det annleis og omtalar lovbrotet som grovt, all den tid våpenet er eit grovkalibra maskingevær.

– Det er eit våpen som privatpersonar ikkje har lov å ha sjølv om det ikkje er funksjonsdyktig. (...) Det må vurderast som ein høg risiko for samfunnet at tiltalte hadde eit slikt våpen liggande i sin privatbustad, heiter det i tingrettsdommen.

Meiner «Finn-handel» er oppkonstruert

35-åringen erkjenner å ha oppbevart våpendelane, mellom anna til pistolar og rifler, men meiner han har skaffa det på lovleg vis. Han nektar ifølge dommen å ha tatt det frå sin arbeidsgjevar.

Det festar tingretten liten lit til.

Retten viser til at alt det meste av utstyret kan sporast tilbake til den no dømde mannen si heimevernsavdeling eller Forsvaret.

Politiet tok også beslag i omfattande mengder våpendelar, som sikter, handgranatar og sluttstykke.

Retten legg til at mannen si forklaring om at han har kjøpt utstyret på Finn verkar konstruert. Det same gjeld forklaringa om at han har gløymt å levera tilbake materiell etter å ha vore på øving.

Janne Heltne og Jostein Alvheim - Dark Room

FORSVARAR: Mannen sin forsvarar Jostein Alvheim seier den tidlegare logistikkoffiseren kjem til å anka dommen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Mannen er også dømt for å kjøpt eit tjuetals registeringspliktige våpendelar utan at han har hatt løyve til desse.

Kommunikasjonssjefen opplyser at Heimevernet frå før har sett i verk fleire tiltak for å sikra at våpen og ammunisjon ikkje kjem i feil hender.

– At mannen hadde ei ansvarsrolle med tilgang til våpenmateriell gjer saka endå meir alvorleg.

Politiadvokat Mats Henriksen i Vest politidistrikt seier at han registrerer at påtalemakta har blitt høyrt i deira vurdering.

Vil anka dommen

Den tidlegare logistikkoffiseren nektar straffskuld.

– Min klient meiner dette er ein uriktig dom. Han stiller seg uforståande til skuldingane om underslag og meiner bevisa i retten er vurderte feil, seier forsvarsadvokat Jostein Alvheim.

Maskinvåpenet var etter 35-åringen si vurdering aldri funksjonsdyktig og difor ikkje eit skytevåpen.

Alvheim seier mannen vil anka dommen.

– Eg vil gå gjennom dommen med min klient til veka. Han er fast bestemt på å anka.