Hopp til innhold

Rival Sons til Bergenfest

14. juni står det amerikanske hardrockbandet Rival Sons på scena på Bergenhus festning.

Rival Sons på Garage i Bergen

KJEM TILBAKE TIL BERGEN: Rival Sons spelar på Bergenfest i juni. Her er dei i aksjon på Garage i fjor.

Foto: Christian Misje

Kvartetten frå Long Beach har tidlegare varma opp for AC/DC og Alice Cooper. I april i fjor vitja dei Garage, ein konsert som var utseld lang tid i forvegen.

I ei pressemelding skriv Bergenfest at bandet på rekordtid har etablert seg som den klassiske rockens nye faneberarar.

No er dei klare for Bergenfest 14. juni, saman med andre band som Biffy Clyro, Imagine Dragons og Tønes.