Hopp til innhold

Smith-Sivertsen har trua på kommunevalet

Utskiftinga av byrådsleiaren i Høgre i Bergen får ingen betydning for valet neste haust. Det trur valforskar og partiet sjølv.

Utskiftinga av byrådsleiaren i Høgre i Bergen får ingen betydning for valet neste haust. Det trur valforskar og partiet sjølv.

TRUR PÅ SIGER: Martin Smith-Sivertsen trur opposisjonen kan få problem med å samarbeide ved neste val, og trur difor på framleis borgarleg styre i Bergen.

Terje Knutsen

IKKJE SKANDALE: Valforskar Terje Knutsen byrådsleiarbyttet ikkje har vore ei skandale, og at det difor ikkje kjem til å påverke valet om knappe 11 månadar.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Når valet kjem om ein 11 månaders tid, så vil ikkje nominasjonsprosessen ha nokon stor betydning, seier valforskar og førsteamanuensis i samanliknande politikk, Terje Knutsen.

Martin Smith-Sivertsen klarte det som opposisjon ikkje klarte, vippe vekk byrådsleiaren, men snart er det val. Valforskar Terje Knutsen meiner folket ikkje vil straffe Høgre for maktkampen.

– Høgre har gjennomført ein veldig ryddig og open prosess, og sjølv om det er dei som er misnøgde med den, så er det viktigaste for valet om 11 månadar om Martin Smith-Sivertsen gjer ein god jobb som byrådsleiar, seier Knutsen.

Vanleg dag på jobben

Den påtroppande byrådsleiaren for Bergen Høgre går som vanleg til fots til jobb, dagen etter nominasjonsvalet. Då altså den gamle jobben i eigedomsselskapet.

– Mentalt har eg førebudd meg på det ei stund, seier Martin Smith-Sivertsen om nominasjonsvalet.

Elles er det ikkje så mykje som er som vanleg i dag for Smith Sivertsen.

– Det er jo mykje å sette seg inn i viss eg skulle tiltre som byrådsleiar allereie no, ganske snart, seier han.

Har trua på neste val

På gamlejobben førebur Smith-Sivertsen seg på å vere politikar ei stund. Han trur ikkje dei politiske motstandarane vil klare å vippe han vekk.

– Det er ein brugut forsamling av forskjellige parti, og dei vil nok ha betydeleg større problem med å få til eit godt samarbeid, seier Smith-Sivertsen.

– Difor trur eg også at grunnlaget ligg veldig godt til rette i Bergen for framleis borgarleg styre i Bergen, seier han.

Er du sikker på valsiger til hausten?

Nei, for det er ein jobb som må gjerast, og det er ein stor jobb for partiet og for meg, seier han.

SJÅ VIDEO:

Martin Smith-Sivertsen vant mot Ragnhild Stolt-Nielsen i valet om kven som skal bli Bergen Høgre sin byrådsleiarkandidat til kommunevalet neste år.

Sjå video frå då Martin Smith-Sivertsen vinn nominasjonsvalet.