Hopp til innhold

Har inngått forlik med DNS

Etter åtte dagar i retten har Øyvind Eskildsen onsdag kveld inngått forlik med Den Nationale Scene (DNS).

Øyvind Eskildsen

KJEM IKKJE TILBAKE: Øyvind Eskildsen har inngått forlik med DNS etter at han gjekk til retten då han fekk sparken i 2012. Han skal ikkje tilbake til teateret.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Eskildsen saksøkte DNS etter at han fekk sparken frå stillinga som produksjonsteknisk leiar på teateret i desember 2012. Blant anna vart han anklaga for illojal oppførsel, negativ omtale av direktør og teatersjef, samt manipulering og manglande jobbutføring.

Onsdag kveld har Eskildsen og teaterleiinga i DNS drive forhandlingar på tinghuset og seinare på eit advokatkontor i sentrum. Det enda til slutt med eit forlik, som blant anna inneber at Eskildsen ikkje kjem tilbake til teateret.

Vil leggje saka bak seg

I pressemeldinga står det som følgjer:

«Etter åtte dagar i retten har partane på retten si oppfordring kome fram til eit utanomrettsleg forlik».

– Vi synest det var synd at vi måtte gå gjennom rettsapparatet, men er glade for at vi no har kome fram til ein forliksavtale, først og fremst av omsyn til dei tilsette ved teateret, er DNS sin kommentar til forliket.

Frå Eskildsen si side valde han å inngå forliket av omsyn til DNS, familie og eigen helsesituasjon.

– Eg ønskjer å leggje saka bak meg og gå vidare i livet.

Konfidensiell avtale

Forliksavtalen er i hovudsak konfidensiell, men kommunikasjonssjef i DNS, Finn Bjørn Tønder, seier til NRK at Eskildsen ikkje vil kome tilbake til teateret.

Rettsaka mot DNS starta måndag i førre veke, men blir no avslutta.

– Det er vi veldig, veldig glade for. Vi ville heller ikkje i retten og prøvde å løyse dette i forkant, men det gjekk ikkje og no er det løyst undervegs, seier Tønder.