Hopp til innhold

Tilbake i raud drakt - klar for å gå i krigen

Brann-kaptein Erlend Hanstveit gler seg enormt til sesongstarten. – Vi har jobba steinhardt og er topp motivert.

Erlend Hanstveit

KLAR TIL Å GÅ I KRIGEN: Erlend Hanstveit er kaptein for Brann denne sesongen. Han seier mannskapet gler seg til å endeleg gå i krigen.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

– Det blir først og fremst godt å koma i gang. Etter månader med hard trening bak oss, så er vi alle glade for å endeleg gå krigen og kjempa om poeng, seier kapteinen på Brann.

Hanstveit er tilbake i Bergen og Brann, etter nokre år i utlandet. Og i morgon byrjar alvoret for Rikard Norlings menn.

Bergensarane byrjar årets sesong i Tippeligaen borte mot Sarpsborg 08. Hanstveit meiner karane er klare etter ein vinter med hard jobbing.

– Me har jobba steinhardt i heile vinter og har kome så langt me kan koma på tre månader. Vi skal byggja noko frå botn av. Kor langt vi har kome får tida visa.

Ynskjer revansj

Det kriblar også i beina til Erik Huseklepp. Brannspissen er sugen på revansje i morgondagens bortemøte med Sarpsborg. I fjorårets sesong var Brann dårlege på bortebane, ein sesong som enda med at Rune Skarsfjord gjekk av som Brann-trenar.

– Vi tapte der i fjor, så vi har noko å revansjere. Vi går til kampen og håpar og trur at vi kjem heim att med tre poeng, seier Huseklepp som har tru på at ein nysignering slår til i den raude drakta.

– Jacob Orlov kan bli veldig viktig. Det er godt å ha ein som riv og slit litt i motstandarane, samstundes så posisjonerer han seg godt inne i boksen. Så han kan få mange mål.

– Korleis syns du samarbeidet fungerer?

– Det har vore bra. Som med alle brukar ein litt tid på å bli kjent, men eg trur berre vi blir betre utover.

Kvar hamnar Brann?

I Bergen er det knytt stor spenning til kor høgt på tabellen Rikard Norling kan ta Brann denne sesongen. Forventningane er skyhøge hjå nokre, medan andre er meir nøkterne.

Det er liten tvil om at hallelujastemninga då Norling vart annonsert som Brann-trenar i desember, syner at engasjementet og lidenskapen er tilbake i byen etter ein trist sesong i fjor.

Men varar det heile sesongen? Sarpsborg 08 – Brann kan du følgja her frå klokka 18.00 søndag kveld.