Hopp til innhold

– Greier ikkje å jubla sjølv om mannen kjem heim

Fire nordmenn som greidde å komma seg i sikkerheit i Algerie er på veg heim til Noreg. Kona til ein av dei seier at ho gler seg, men ho greier ikkje å jubla.

ALGERIA-MALI-CONFLICT-ENERGY-KIDNAP

Statoil sitt gassanlegg i IN Amenas blei onsdag angripe av terroristar. Det var 13 nordmenn på anlegget og av desse blei ni tekne som gislar, medan fire skal ha greidd å komma seg i sikkerheit. Natt til fredag er desse fire på veg heim til Noreg.

Foto: Kjetil Alsvik/Statoil / Afp

Onsdag blei Statoil sitt gassanlegg i In Amenas angripe av terroristar. Fire nordmennen som jobba ved anlegget greidde å komma seg i sikkerheit då dette skjedde. Natt til fredag er desse fire på veg heim til Noreg.

– Han ringte tidlegare i dag og sa at han var blitt forflytta til ein annan plass i Algerie. No føler eg meg veldig trygg sa han. Eg trur han var veldig letta, for å ha kome seg vekk frå området ved anlegget, fortel kona til ein av mennene som er på veg heim til Noreg og Hordaland.

– No er det berre å venta på at han på eit eller anna tidspunkt kjem heim, seier ho til NRK.

FØLG SITUASJONEN I ALGERIE HER

Tenker på kameratane til mannen

Ho er glad for å vita at mannen hennar er i sikkerheit, og det at ho snart skal få treffa han igjen, men ho greier likevel ikkje å sleppa gleda laus.

– Det er kjempedeileg, men det er eit skår i gleda. Eg tenker på dei andre kameratane hans og klarer ikkje å jubla. Eg har kontakt med ei anna dame som ventar på mannen sin, som ikkje veit noko. Då klarer du ikkje å sleppa jubelen laus. Eg klarer ikkje å jubla slik eg skulle, seier ho.

– Korleis har du hatt det?

– Eg føler at alt er veldig uverkeleg. Berre når eg har snakka med mannen min og høyrt at stemma sprekk, har eg følt at det er verkeleg. Når eg ser på tv blir det fjernt igjen, og eg forstår ikkje rekkevidda av det, seier ho.

LES OGSÅ: – Me er svært urolege for våre tilsette

Fekk melding kort tid etter angrept

Ho fekk vita om angrepet mot gassanlegget onsdag kl. 9.30.

– Han sendte meg ei melding som eg ikkje forstod, der det stod «alt bra med meg». Ein time seinare ringte Statoil og då var eg veldig glad for at eg hadde fått meldinga frå han først, seier ho.

Etter samtalen med Statoil leita ho etter meir informasjon på internett og fann litt informasjon på ei fransk nettside.

– Då byrja alvoret å melda seg og meldinga fekk meir og meir meining.

Kvinna som bur i Hordaland har hatt kontakt med mannen sin med jamne mellomrom etter hendinga på gassanlegget. På grunn av at mannen hadde lite batteri på mobilen blei det i hovudsak via meldingar.

– Han er veldig prega, det er det ingen tvil om.

– Han skal aldri tilbake til Algerie

I dag fortalde mannen hennar henne noko ho blei veldig glad for å høyra.

– Han skal aldri ned igjen der, det har han sagt. Han kjem aldri til å setta foten sin i det landet igjen.

– Kva tenker du om det?

– Det passar meg veldig fint.

No ventar ho på mannen og ho er klar på at ho ikkje er blant dei som har hatt det verst.

– Me har visst at han var i sikkerheit. Eg har tenkt mest på dei andre som ikkje har visst det om sine.