Hopp til innhold

– Me er svært urolege for våre tilsette

– Statoil er i ein situasjon der me ikkje veit om me vil få alle vore tilsette trygt tilbake, sa konsernsjef i Statoil, Helge Lund på pressekonferansen ved Statoil sitt hovudkvarter torsdag kveld.

– Statoil er i ein situasjon der me ikkje veit om me vil få alle vore tilsette trygt tilbake, sa konsernsjef i Statoil, Helge Lund på pressekonferansen ved Statoil sitt hovudkvarter torsdag kveld.

►SJÅ VIDEO: Her kan du sjå pressekonferansen Statoil heldt klokka 19.30 på hovudkontoret sitt på Forus i Stavanger.

Like etter statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Espen Barth Eide hadde heldt pressekonferanse i Oslo, tok Statoil over ordet frå hovudkontoret sitt i Stavanger.

– Situasjonen i Algerie er framleis svært uoversiktleg, sa konsernsjef i Statoil, Helge Lund innleiingsvis på pressekonferansen.

Uavklart for nordmennene

– Me kan stadfesta at tre nye Statoil-arbeidarar nå er utanfor fare, desse er alle frå Algerie. Situasjonen for dei ni nordmennene er framleis uavklart, sa Lund.

Han seier han allereie har vore i kontakt med pårørande av desse arbeidarane.

Seksjonsleder i Rogaland politidistrikt, Egil Eriksen

FÅR HJELP FRÅ POLITIET: Seksjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Egil Eriksen, kom til Statoil sitt hovudkvarter på Forus i Stavanger kommune, torsdag ettermiddag. Politiet skal hjelpa Statoil med pårørandearbeidet.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Dei gjennomgår nå eit mareritt der dei må venta på informasjon om korleis det har gått med deira nærmaste. Me stiller sjølvsagt alle vore ressursar til disposisjon for dei, seier han.

Lund delar også uroa til dei pårørande.

– Eit samla Statoil er sterkt prega. Me er i ein situasjon der me ikkje veit om me vil få alle vore tilsette trygt tilbake.

Hentar heim nordmenn

– Me jobbar med å få dei fem som allereie var rapportert i tryggleik heim. Dei har allereie reist frå In Amenas og er på veg.

I tillegg har Statoil, saman med BP, avgjort at dei skal henta heim såkalla ikkje-kritisk personell frå anlegga deira i Algerie.

– Me nyttar oss av tre fly til dette, me reknar med at desse i løpet av kvelden vil bringa 40 arbeidarar heim til Norge, seier han.

Alle tre flya går til London, frå London vil Statoil sørgja for at dei kjem seg vidare til Bergen. Det blir nokre arbeidarar att på anlegga for å syta for forsvarleg drift.

Statoil har også jobba med norske styresmakter for at medisinsk personell og utstyr skal bli flydd til Algerie, med tanke på eventuell hjelp til gislane.

Kommenterte meldingane om omkomne

I løpet av dagen har det kome mange, og delvis motstridande meldingar frå gisselsituasjonen i Algerie.

Ei av meldingane går ut på at svært mange av gislane har mista livet etter militæraksjonen til Algeriske styresmakter.

Lund kommenterte desse meldingane i pressekonferansen.

– Det er som mange av dykk veit meldt om fleire omkomne av gislane, dette er framleis ikkje stadfesta, me er derfor i ein situasjon der me ikkje veit om me vil få alle våre kollegaer trygt heim, seier han.

Etter pressekonferansen reiste Lund til Bergen for å treffa dei pårørande som er på pårørandesenteret der.

– Framleis håp

Det var onsdag klokka 06.50 norsk tid Statoil sitt gassanlegg i In Amenas aust i Algerie blei angripen av terroristar. Angrepet utvikla seg etter kvart til ein gisselsituasjon.

Onsdag morgon var det 17 Statoil-medarbeidarar i og ved anlegget. 13 av dei er nordmenn. Fem av dei 17 kom seg i tryggleik. Av dei tolv som ikkje er gjort greie for er det ni nordmenn og tre utanlandske tilsette.

Torsdag ettermiddag kom det melding om at mange av gislane var drepne.

I pressekonferansen statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Espen Barth Eide hadde klokka 19 sa statsministeren at det framleis var håp om at nordmennene er i live.

– Me har ingen informasjon som stadfestar det motsette, derfor er det absolutt eit håp om at nordmennene er i live, sa Stoltenberg om situasjonen i Algerie.

Jobbar vidare utover natta

Helge Lund avslutta pressekonferansen torsdag kveld med å fortelja om arbeidet deira vidare.

– Me har jo eit beredskapsteam som jobbar i beredskapsrommet like ved sida av dette rommet. Dei er i full operasjon heile tida, seier Lund.

Desse jobbar for å få nordmenn heim, bygga beredskap for den medisinske situasjonen og følgja situasjonen tett.

– Me har også eit omfattande apparat som skal gjera arbeidet mot dei pårørande best mogleg, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland