NRK Meny
Normal

Ei av dei største svindelsakene ho har sett

Millionunderslaget i Stiftelsen Betanien er ei av dei aller største svindelsakene Stiftelsestilsynet har vore borti.

Gunn Merete Paulsen

GRANSKAR REKNESKAPEN: Avdelingsdirektør Gunn Merete Paulsen ved Stiftelsestilsynet har oppretta tilsynssak mot Stiftelsen Betanien Bergen.

Foto: Lotteri- og stiftelsestilsynet/Vegard Fimland

Stiftelsen Hospitalet Betanien

STORE PÅ HELSE: Stiftelsen Betanien Bergen driv både sjukeheim og høgskule - forutanom anna diakonalt kyrkjelydsarbeid. Stiftinga driv også sjukeheim i Spania. Der er der pengane skal ha forsvunne.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Det er eit stort underslag. Av dei sakene vi har avdekka, så er dette heilt klart stort, seier avdelingsdirektør Gunn Merete Paulsen til NRK.

Tok 14,6 millionar kroner

I førre veke vart det kjent at den mangeårige daglege leiaren i Stiftelsen Betanien, Are Blomhoff, har erkjent underslag.

Blomhoff har overfor politiet vedgått å ha svindla den kristine organisasjonen i Bergen for 14,6 millionar kroner. Underslaget skal ha skjedd i perioden 2005-2012.

I tillegg til den pågåande politietterforskinga iverkset no Stiftelsestilsynet si eiga gransking.

– Vi har oppretta ei tilsynssak og er i dialog med styret i Betanien. Bakgrunnen for at vi greip fatt i saka var medieoppslaga i førre veke, opplyser Paulsen.

Kan krevje erstatning

Ifølgje avdelingsdirektøren har Stiftelsestilynset ikkje gått Betanien etter i sømmane tidlegare. Tilsynet har no bede styret i Betanien om å legge fram det dei har av dokumentasjon.

Alt etter kva som kjem fra i tilysynssaka, kan Stiftelsestilynet straffe både Betanien som organisasjon, og enkeltpersonar.

– Vi kan iverksetje ei gransking, vi kan krevje erstatning på vegne av stiftinga, og vi kan avsetje styre og - eller revisor. Men det er altfor tidleg å seie om nokon av desse sanksjonane vil vere aktuelle i denne konkrete saka, understrekar Paulsen.

Normalt blir det oppretta tilsynssak på bakgrunn av varsel frå revisor, tips frå publikum, eller som i tilfellet Betanien - på grunnlag av medieoppslag. Tilsynet tek også stikkprøvar der dei gjennomgår rekneskap og dokumentasjon hos stiftingar.

Blomhoff

FEKK KONGENS SØLV: Are Blomhoff var i fjor i audiens hos kongen og kronprinsen på Slottet etter å ha blitt tildelt Kongens fortjenestemedalje i sølv. Då biletet vart tatt, hadde han alt erkjent underslaget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix service

Tilsynet kan gå langt tilbake i tid

Midlane Blomhoff, som var dagleg leiar i Betanien fram til i fjor, skal ha unnadrege, skriv seg frå stiftinga si sjukeheimssatsing i spanske Alfaz. Både overfor styret og i politiavhøyr skal Blomhoff ha forklart at underslaget starta i 2005, og at pengane er borte.

NRK veit at prosjekteringa av sjukeheimen i Spania starta alt i 1997 – med Are Blomhoff i førarsetet. Han har vedgått å ha gjort underslag i sju år frå 2005.

Kor vidt Stiftelsestilsynet vil gå endå lenger bak i tid, veit Paulsen førebels ikkje.

– Vi må sjå på kva dokumentasjon styret presenterer for oss, og kva tidsperiode styret har valt ut. Så får vi sjå om vi er einige eller ueinige med dei. Vi må ha meir opplysningar om saka, før vi kan ta stilling til det.

– Korleis oppfattar du samarbeidsviljen hos styret i Betanien?

– Den oppfattar eg som god.

Avdelingsdirektøren seier tilsynet har gitt saka høg prioritet. Kor vidt dei kan konkludere med noko før nyttår, kjem an på kva dei finn.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lotteri- og stiftelsestilsynet

DEI GRANSKAR STIFTINGANE: Her hos Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde sit juristane som skal sjå til at dei rundt 8000 stiftingane i Norge følgjer lova.

Foto: Vegard Fimland/Lotteri- og stiftelsestilsynet

Gjekk 14 mnd frå varlsing til politimelding

Styreleiar Christian Hysing-Dahl håpar og trur at Stiftelsestilynet ikkje finn noko anna å setje fingeren på, enn det som alt er kjent.

– Men eg kan ikkje si at vi er sikre, seier han til NRK.

Hysing-Dahl og styret vart gjort kjent med som kunne vere ei underslagssak via ein varslar i august 2012. Først fem månader seinare konfronterte styret Are Blomhoff med anklagane.

Betanien

HAR GRANSKA SJØLV: Betanien-styreleiar Christian Hysing-Dahl har ikkje funne avvik i rekneskapen før 2005. Han kan likevel ikkje garantere at det kan ha forsvunne meir pengar enn dei 14,6 millionane som alt er kjent.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Trass i at den omtykte daglege leiaren vedgjekk underslaget, skulle det gå ytterlegare ni månader før styret varsla politiet i november i år. Hysing-Dahl har forklart den lange tidsbruken med at styret ville føreta sin eigen gjennomgang, før dei gjekk til politiet.

Har sjekka rekneskap tilbake til 2000

– Vi har gått tilbake til år 2000 og ikkje funne andre avvik enn det som er kjent, altså etter 2005. Det må bli opp til politiet si etterforsking å avdekke om det har skjedd andre ting, men vi har ikkje funne noko.

– Kva tenkjer du om at Stiftelsestilynet har oppretta tilsynssak?

– Det er heilt rett av Stitelsestilsynet å opprette sak. Etter mi meining hadde dei ikkje gjort jobben sin, om dei ikkje hadde gjort det, seier Hysing-Dahl til NRK.

Den no svindelsikta 61-åringen tok i 1992 over toppleiarjobben i Stiftelsen Betanien Bergen. Han trakk seg frå stillinga i fjor, etter å ha erkjent økonomisk utruskap. Betanien selde i 2012 behandlingsplassar for nær 300 millionar kroner til Helse Vest og Bergen kommune.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.
Etter tre strake tap for Brann, venter Rosenborg på stadion på søndag i en avgjørende kamp i medaljestriden.