Hopp til innhold

- Korleis kunne du?

Dei tilsette ved stiftelsen Betanien er i sjokk etter avsløringane om at den tidlegare leiaren Are Blomhoff (61) har underslått pengar, fortel styreleiar Christian Hysing-Dahl.

Betanien

STYRELEIAR: Christian Hysing Dahl, styreleiar i Stiftelsen Betanien informerte dei tilsette i dag.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Den tidlegare direktøren skal ha tatt 14,6 millionar kroner over ein periode på sju år frå stiftinga sin sjukeheim i Spania. Toppleiaren skal onsdag ha inrømt å ha svindla eigen arbeidsgjevar.

Betanien driv 300 sjukeheimsplassar i Bergen kommune. Toppleiaren har tilstått ovenfor politiet. Det var BT som først omtalte saka.

Reagerte med vantru

Betanien

ALLMØTE: Tilsette i stiftelsen vart kalla inn til allmøte om underslagssaka torsdag.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Styreleiaren har i dag hatt informasjonsmøte med dei tilsette.

– Vi informerte dei om det same som vi har informert pressa. I tillegg fekk dei informasjon om korleis vi vil orientere dei vidare.

Den tydeleg prega styreleiaren fortel at dei tilsette har fått tilbod om nokon å snakka med dersom nokon skal ha behov for det.

– Vi har beredskapsgrupper som består av leiargruppa i stiftinga.

– Korleis reagerte dei tilsette på møtet i dag?

– Dei er i sjokk. Dei reagerer med vantru. Folk blei veldig overraska, og dei tek det tungt. Dette er ein vanskeleg dag for alle dei tilsette.

– Han var en betrudd medarbeidar

Hysing-Dahl seier konrollrutinane har vore for dårlege i stiftinga.

– Vi har rett og slett hatt for dårlege kontrollrutinar. Det er mitt ansvar, og dette er noko vir burde ha oppdaga, seier Styreleiaren.

Han legg til at Blomhoff har vore ein betrudd og dyktig medarbeidar.

– Kva har du sagt til han?

– Kva seier man til noko sånn. Korleis kunne du?

– Kva svara han?

– Beklagar.

Hysing-Dahl understrekar at underslaga ikkje har fått konsekvens for drifta av sjukeheimane.