Foto: Jo Hjelle/NRK
Anlegget på Slåtthaug Isbane i Bergen skaper skeiseglede og aktivitet.
Men det er eit moderne isanlegg der den farlege gassen ammoniakk blir brukt som kjølemiddel.
Evakuerte folk
Politi, brannvesen og helsepersonell var med på katastrofeøvinga ved banen i dag.
Alarmen gjekk og kjemikaliedykkarar evakuerte folk frå isbanen og i huset ved sidan av banen. Det er der amoniakk-tanken står.
Det er denne tanken som gjer at isen på skeisebanen held seg frosen, men som samstundes gjer at staden er i fare for lekkasjar av den giftige gassen.
Foto: Jo Hjelle/NRK
Naboane orienterte om faren
Naboane er orienterte om stoda, og i dag øvde altså Bergen kommune sitt krisepersonell på kva ein skal gjera dersom alarmen verkeleg går.
Brannmeister Rune Røed leia øvinga.
- Det er eit tungt arbeid som krev sin mann. Etter 20 minuttar må dei trekkja seg ut frå gassen. Elles er det fare for helsa og tryggleiken deira, fortel han.
Farleg gass
På god avstand står informasjonskonsulent i Bergen kommune, Rune Jensen.
- Det er viktig at me har øvd på ting som kan skje. Ikkje minst med tanke på naboar og dei som nyttar anlegget. Amoniakk er farleg i store konsentrasjonar, og det er klart at det er viktig for naboane her at dei veit kva som vil skje dersom uhellet skulle vera ute, seier Jensen.
Fleire ville døydd
Under øvinga i dag tok det 50 minuttar frå alarmen gjekk til alle var berga ut av huset der tanken står.
Om dette hadde vore ein verkeleg situasjon, ville alle unnteke to omkome.