Hopp til innhold

Frykter milliard-senter vil ligge brakk

Regjeringa stenger pengekranen for testing av CO2-reinsing på Mongstad.

Mongstad

MONGSTAD: Regjeringa foreslår å trekke tilbake 40 millionar kroner av støtta til CO2-reinseanlegget på Mongstad.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Opphavleg hadde regjeringa foreslått å bruke minst 40 millionar til nye investeringar på Statoil Mongstad. Men i statsbudsjettet er denne summen plutseleg fjerna.

Når dei trekker tilbake 40 millionar i støtte, ser eg ikkje lyst på situasjonen.

Per Rune Henriksen (Ap)

– Dette er dårleg utnytting av anlegget. CO2-fangst og lagring er sterkt nedprioritert til fordel for skattelette, seier Per Rune Henriksen (Ap) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Arbeidarpartiet fryktar at store deler av anlegget, som kosta 6 milliardar kroner å bygge, vil ligge brakk.

LES OGSÅ: Får utslippstillatelse til CO2-testanlegg

– Nedprioriterte klimautfordringa

Per Rune Henriksen

– STORE KONSEKVENSAR: At regjeringa vil kutte støtta til CO2 reinsing på Mongstad med 40 millionar er alvorleg, meiner Per Rune Henriksen (Ap).

Foto: Arbeiderpartiet

Den sokalla månelandinga på Mongstad, eit fullskala reinseanlegg for CO2-utslepp, blei ein fiasko for Stoltenberg-regjeringa.

Men testsenteret for CO2-fangst har fungert betre, meiner Henriksen. Mellom anna har utanlandske selskap komme til Mongstad for å teste og ta i bruk ny teknologi for CO2-reinsing.

– Å kutte investeringar vil setje senteret langt tilbake i tid, meiner han.

– Uproblematisk

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Kåre Fostervold (Frp), meiner det er uproblematisk at regjeringa ikkje vil støtte nye investeringar på Mongstad.

Kåre Fostervold

– UPROBLEMATISK: – Eg er heilt sikker på at me også til neste år kan syne til at testsenteret er ein suksess, seier Kåre Fostervold (Frp).

Foto: Frp

– Eg er heilt sikker på at me også til neste år kan syne til at testsenteret er ein suksess.

Han vil ikkje svare på kva den reduserte støtta til senteret vil føre til.

– Eg ønskjer ikkje å kommentere tala før dei er endeleg avklart og ferdig behandla av Stortinget.

Per Rune Henriksen (Ap) på si side er klar på kva konsekvensar han meiner dette forslaget vil føre med seg. Store deler av senteret vil stå tomt, meiner han.

– To tredelar av anlegget står ubrukt. Når dei trekker tilbake 40 millionar i støtte til anlegget, så ser eg ikkje lyst på situasjonen.