Normal

Fryktar vedlikehaldsetterslep på 18 milliardar

Behovet for vedlikehald av jernbana vil berre bli større i tida framover, meiner Bane Nor. Det vil passasjerane merke.

Opprydding etter ras på E16 og Bergensbanen

VEDLIKEHALDSETTERSLEP: Klimautfordringar er ei av årsakene til at det er mykje arbeid som må gjerast på jernbanen. Her frå oppryddinga av jordraset som gjekk over Bergensbanen og E16 i Vaksdal i 2015.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Vi må rekne med at vi får større utfordringar på punktlegheit og regularitet framover, altså ting som passasjerane vil merke, seier konsernsjef Gorm Frimannslund i Bane Nor.

Klimakostnader og vedlikehaldsetterslep gjer at utfordringane står i kø for jernbana.

I 2017 har Bane Nor brukt 150 millionar kroner på klimasikringstiltak, som å sikre jernbana mot mellom anna flaum og skred. Behovet for neste år er venta å bli 200 millionar kroner.

– Vêr og klima gjer at vi får mykje meir nedbør. Det fører til meir ras, flaum og stenging av jernbana, seier geolog Trine Helle Simmenes i Bane Nor.

17 milliardar i vedlikehaldsetterslep

Konsernsjefen legg ikkje skjul på at skadar forårsaka av klima er dyrt.

– Vi er nøydde til å vedlikehalde og førebygge, og ha ein høg beredskap for dette. Vi må også passe på å ta vare på det vi har, seier Frimannslund.

Bane Nor Gorm Frimannslund

UROA: Konsernsjef i bane Nor, Gorm Frimannslund, er redd for at vedlikehaldsetterslepet på jernbana berre vil auke i tida framover.

Foto: Espen Breivik / NRK

I tillegg gjer eit vedlikehaldsetterslep på 17 milliardar kroner at behovet for pengar aukar meir enn det som er løyvd. I statsbudsjettet som er lagd fram for 2018 ser etterslepet ut til å auke ytterlegare.

– Det er fare for at etterslepet aukar med opp mot ein milliard. Det betyr at det er ting vi skulle ha bytta som vi no ikkje få bytta, seier Frimannslund.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen seier løyvingane til jernbana er nesten dobla sidan dei blåblå kom i regjering, men innrømmer at dei ikkje er i mål.

– Vi skal auka løyvingane år for år. Samtidig er det mange tiår med etterslep som vi skal gjere ein jobb for å fjerne. Vi tek dette på alvor, seier Solvik-Olsen.

Ras bergensbanen

RASFARE: I mai 2015 gjekk eit 40 meter breitt jordras over både Bergensbanen i Vaksdal og E16.

Bruker pengar på snøsikring

Delar av pengane som vert brukt til vedlikehald på jernbana i år, går til arbeid med nye snøoverbygg.

Vest for Hallingskeid stasjon er eit nytt overbygg i stål i ferd med å reise seg over Bergensbanen.

– Her mellom Myrdal og Finse har vi det partiet med mest vind og snødjupna på Bergensbanen, seier prosjektleiar Karl Morten Undal.

Nytt snøoverbygg på Bergensbanen

FORNYING: Vest for Hallingskeid stasjon vert eit nytt overbygg i stål no sett opp.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Totalt er 9,5 kilometer av Bergensbanen bygd inn av snøoverbygg, og det er tett mellom overbygga når banen nærmar seg sitt høgste punkt.

Sikrar seg mot nye brannar

Med brannen på Hallingskeid i 2011 i minnet, vert overbygga no plata med stål i staden for tre. Den gong starta brannen nettopp i eit snøoverbygg.

– Stål er meir robust og varig, og vi får ei meir sikker strekning. Dette vert eit bygg som kan motstå brann, dersom det skulle oppstå, seier Undal.

Arbeidet med å bytte ut snøoverbygget ved Hallingskeid starta allereie då snøen forsvann i juni.

– Vi har ei felles forståing om at vi må bli ferdige til vinteren og den verste snøen kjem. Vi er litt stressa, seier anleggsleiar Martin Borlaug i Mesta.

Bygger snøoverbygg på Bergensbanen

STÅL ERSTATTAR TRE: Anleggsleiar Martin Borlaug i Mesta inspiserer dei nye stålplatene, som skal gjere overbygget ved Hallingskeid både snø- og brannsikkert.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK