Hopp til innhold

Fryktar at småbyar døyr når berre eldre har råd

VOSS (NRK): Folk i Voss-bygda meiner sentrum blir tømt for barnefamiliar og liv. – Det blir fylt opp av gamle folk som vil ha det stille etter klokka seks.

Voss sentrum

DYRE: I Voss sentrum fryktar ein at dyre bustadar gjer det uinteressant for unge å busetja seg, og at Vangen dermed blir avfolka.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Dette er måten å drepa eit sentrum på. Det er dødskjedeleg, seier dyrlege på Voss, Bjørn Helge Brunborg. Han eig fleire gamle hus på Vossevangen, blant anna huset der kafeen Tre Brør held til.

Kritikken kjem mot utviklingen av Voss sentrum. Nye store leilegheiter for dei med god råd, eit mangfald som er i ferd med å forsvinna, og triste fasadar.

Dyrlege Bjørn Helge Bruunborg

KRITISK: Dyrlege på Voss, Bjørn Helge Bruunborg.

Foto: Mette Anthun

– Slik som utviklinga er no, er det stort sett eldre som flyttar til Vangen. Det blir bygd svære bygningar. Det er ingen barnefamiliar som har råd til å kjøpa dei, og det er heller ikkje interessant å bu her, for du kan ikkje sleppa barna ut. Ein er nøydd til å vera innandørs, seier Brunborg.

– Dei gamle vil ha det stille etter klokka seks

Forfattar og arkitektjournalist Ronny Spaans har nyleg kome ut med ei bok om kjøpesenter og byutvikling i Noreg.

Forfatter og arkitektjournalist Ronny Spaans

Forfattar og arkitektjournalist Ronny Spaans.

Foto: NRK

Spaans seier at det som skjer på Voss, òg skjer mange andre stader i landet.

– Det blir ikkje eit trafikknutepunkt, men eit åreknutepunkt. Det blir mange gamle folk i sentrum, som vil ha det stille etter klokka seks. Då får ein ikkje eit yrande gateliv, som er det som gjer ein by levande, seier Spaans.

Han meiner at politikarane på Voss må gå i seg sjølve og spørja kva dei vil at Voss skal vera.

– Skal det vera ein triveleg liten småby med idylliske gater, eller skal me ha utgliding i form av bilisme og store kassebygg? Og skal Voss då enda opp som ei gjennomfartsåre, eller skal me ha folk som stoppar i sentrum?, spør arkitektjournalisten.

Byggeprosjekt Vangen

– Skal det vera ein triveleg liten småby med idylliske gater, eller skal me ha utgliding i form av bilisme og store kassebygg?, spør forfattar Spaans.

Foto: Mette Anthun / NRK

I gong med ny sentrumsplan

Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb fortel at kommunen anerkjenner kritikken mot sentrum.

– Ja, me er klar over utfordringane. Dette handlar om fortetting, om å få folk til å bu her. Det handlar om å ha eit levande sentrum, og då må me ta tak i det, og sjå kva me kan gjera som kommune for å legga til rette for den ønska utviklinga her på Voss, seier ordførar Ringkjøb.

No vil ordføraren utvikla Vangen, og kommunen er i gong med ny sentrumsplan.

– Den nye sentrumsplanen må sjå kva som skal til for at ein har lyst å bu her. At her er det kvalitetar som ein synest er bra, seier Ringkjøb.

Eigarinteressene til Bjørn Helge Brunborg var ikkje med i artikkelen då den blei publisert. Dette er lagt til seinare.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar voss

– EI UTFORDRING: Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

Foto: NRK