Hopp til innhold

Framtida usikker for Børven

Med to kampar igjen av sesongen har verken Brann eller Børven bestemt seg for om den tidlegare nederlandsproffen signerer med klubben.

Torgeir Børven

Det er svært usikker kvar Torgeir Børven skal spele neste sesong. Verken han sjølv eller Brann kan stadfeste om han blir i klubben eller ikkje.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

– Nei, der har verken eg, Brann eller agenten min snakka om endå, seier Børven.

Spelaren, som er på lån frå Twente, blei omtalt som ei kjempesignering då han kom i august, men han har ikkje levd opp til forventingane i Brann-trøya.

Heller ikkje Brann vil seie noko om kor vidt Børven får bli i Bergen etter den skuffande sesongen. Lånet frå den nederlandske klubben går ut etter sesongen.

– No fokuserer eg på dei to siste kampane og å få «sølvet hem» før eg tenkjer på andre ting, seier Børven.

Mindre speletid enn venta

Børven blei omtalt som ei kjempesignering då han kom til Bergen. Han vedgår at det ikkje er alt med låneopphaldet han har vore nøgd med.

– Eg har fått litt mindre speletid enn eg forventa, men når gutane leverer som dei har gjort så er der vanskeleg å byte på laget, seier Børven.

Han har ikkje scora eit einaste mål i Brann-drakta og har berre fått spele frå start i to kampar sidan han kom til Brann. Seks kampar har han vore plassert på benken.

Torgeir Børven klar for Brann

Det var god stemning og ei rekke lovord om Børven då Brann presenterte han som Brann-spelar.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

– Positivt at han kom hit

Trass i at Brann-leiinga ikkje har gitt nokon lovnader til 24-åringen, har sportssjefen i klubben gode ord om spelaren.

– Målpoeng er ein ting, og mange ser på det, men vi ser også på heilskapen. Det er mykje positivt som har skjedd sidan Torgeir kom hit, seier sportssjef i Brann, Rune Soltvedt.

Børven vil ikkje ut med kva drakt han helst ønskjer å spele i neste sesong.

– Nei, no skal eg har ferie først og så får vi sjå neste sesong, seier Børven.

24-åringen var Brann-supporter gjennom oppveksten, og Børven og Brann har fleire gongar før låneopphaldet vist interesse for kvarandre. Han har spelt i Odd, Vålerenga og Twente før han kom til Bergen.

Dei to siste åra i Twente var prega av lite speletid og skader.

Torgeir Børven

Børven er på lån frå Twente i Nederland.

Foto: Digitalsport