Hopp til innhold

Uvisst når ferja til Fedje er i drift att

MF «Utne», som var sett inn som reserveferje på Fedje-Sævrøy, fekk motorstogg fredag. Sidan har det kun gått passasjerbåt på sambandet.

MF Utne

UTE AV DRIFT: Etter eit uhell fredag ettermiddag er MF Utne ute av drift. Biletet er tatt ved eit tidlegare høve.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

SISTE: Klokka 11.20 søndag melder Norled at det framleis ikkje går bilferje på sambandet Fedje-Sævrøy. Dei vil ikkje teste MF «Utne» før vêret tillèt det.

Det går berre passasjerbåt i sambandet Fedje-Austrheim, etter at MF Utne fredag fekk motorstopp og trefte kanten av Sævrøy kai.

Ferja var sett inn som reserveferje, etter at MF Fedjefjord gjekk på grunn ved same kai tysdag.

Dykkarar har no gjort undersøkingar av MF «Utne» etter uhellet fredag ettermiddag.

– Det er ingen skadar under vasslinja. Både propellanlegg og skroget er heilt fint, fortel Inge André Utåker, regionsjef for ferjene i Norled.

Leitar etter feilen

– Vi har framleis ikkje funne feilen på hovudmotorane og svaret på kvifor dei stansa, seier Utåker.

Motorane har vore i gong etter uhellet fredag, og ifølge Utåker ser alt normalt ut. Likevel er ferja framleis ute av drift.

– Vi må finne årsaka til motorstoppen før vi kan setje ferja i drift igjen, og den leitar vi framleis etter. Det er ingen resultat så langt, seier Utåker.

Det blei i går kveld sett inn passasjerferje i sambandet.

Inge Andre Utåker

SER ETTER LØYSING: Regionsjef for ferjene i Norled, Inge André Utåker, prøver å finne ei løysing for ferjesambandet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi jobbar med å finne ei alternativ løysing, men veit ikkje når den kan vere på plass, seier Utåker.

Hovudplanen er å få sett MF «Utne» inn i sambandet igjen.

– No forsøker vi å få tak i meir hjelp frå motorleverandørane. Parallelt jobbar vi med å få fatt i eit anna fartøy som kan ta bilar.

I utgangspunktet var planen å hente eit hurtigfartøy frå Rogaland som har kapasitet til å ta nokon bilar. Då det er meldt sterk vind laurdag ettermiddag, er planen om hurtigbåten no lagt vekk.

– Ved så sterk vind som det ifølgje meldingane vil bli, hadde òg denne båten blitt liggjande ved land, avsluttar Utåker.