NRK Meny
Normal

Fortalde russen om tapet av dottera

– Det er ein kvar pappas og mammas store mareritt, sa Tone og Trond Sandven til ein fullsett sal med avgangselevar i Grieghallen.

Tone og Trond Sandven i Grieghallen

FORTALDE IDA SI HISTORIE: Tone og Trond Sandven fortalde om tapet av dottera (18) i Grieghallen i dag.

Foto: Anders Ekanger / NRK

I samarbeid med Hordaland politidistrikt arrangerte Norsk Luftambulanse i dag sitt årlege arrangement om trafikktryggleik i Grieghallen i Bergen.

I salen sat over tusen frå årets russekull i Bergen og omland. Målet med arrangementet er å endra ungdommens haldningar i trafikken og førebygga fleire ulukker der nokon mistar livet eller blir alvorleg skadd.

Tone og Trond Sandven var mellom dei som fortalde si sterke historie til den fullsette salen i Grieghallen. Dei mista dottera si Ida Havneraas Sandven (18) i ei trafikkulukke i Hemsedal i februar i fjor.

– Det manglar ein person her i dag

Venninnene til Ida i Grieghallen

For å symbolisere at det manglar ei i venninnegjengen, stilte dei seg opp i ei rekke på scena framfor foreldra til Ida. I midten av rekka var det tomt.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Det er ein kvar pappas og mammas store mareritt. Men heller ikkje vi forstod det før det råka oss. Kor skjørt livet er. Korleis alt kan forandre seg i løpet av få sekund, fortalde dei til dei vidaregåande elevane i salen.

Sjåføren, kjærasten til Ida, gjorde ein forbikøyring men mista kontrollen og kolliderte med eit møtande vogntog.

Far fortalde om korleis han hasta av garde frå arbeid på Gol, og det fryktelege som møtte han ulukkesstaden. Mor fortalde om korleis det var å ta imot den verste beskjeden foreldre kan få.

– Det er eitt ledig sete her i dag og det manglar ei jente. Ida skulle vore saman med dykk her i dag, sa foreldra i det sterke møtet med ungdommen.

Mange som er prega

På første rad sat 27 jenter frå Nordahl Grieg vidaregåande i Bergen. Dei går inn i russetida utan venninna si.

NRK møter venninnene Ilse Sortevik Hviding, Celine Dahle, Dagny Døskeland og Mari Øverland etter arrangementet.

– Tomt, det er slik det kjennest. Vi manglar ein person. Det viser kor mange som er prega av dette.

Russevenninner i Bergen

Ilse Sortevik Hviding, Celine Dahle, Dagny Døskeland og Mari Øverland skryt av foreldra som står fram og fortel si historie. – Det er veldig sterkt at dei klarar å fortelje. Og det er viktig at dei fortel den, sånn at andre kan lære. Vi er utruleg imponert over kor sterke dei er og kor flinke dei er.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Tomt sete i russebussen

Russetida deira blir spesiell. Ida hadde gleda seg til russetida og feiringa saman med venninnene i russebussen.

– Ho spreidde mykje glede. Sjølv om ho ikkje er her med oss no, så hadde ho ynskja at vi skulle ha det kjekt. Det er slik vi tenkjer no.

Regionsjef Steinar Sellevold i Norsk Luftambulanse, som arrangerer møtet for 27. gong, skryt av både foreldra til Ida og dei andre som fortalde om konsekvensar av alvorlege ulukker.

– Eg trur elevar ved vidaregåande skular tar dette med seg, vi har høyrt mange fortelje at dette har endra atferden deira i trafikken og at dei tenkjer seg meir om i trafikken. Dei fortel at dette arrangementet har sett djupe spor i dei.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.