Hopp til innhold

Mista elev ved skulen: – Det har vore ein veldig tung dag

Nordahl Grieg vidaregåande skule opnar fredag kveld dørene for alle som vil samlast i sorga etter at ein av elevane deira omkom i trafikkulukka i Hemsedal.

Rektor ved Nordahl Grieg vgs om ulukke

TRAGISK: Rektor ved Nordahl Grieg vidaregåande skule, Lin Marie Holvik, seier dødsulukka pregar både elevar og lærarar ved skulen, samt resten av bydelen.

Foto: Steinar Bleken/NRK/Sølve Rydland

18 år gamle Ida Sandven døydde natt til fredag etter skadane ho fekk i trafikkulukka i Hemsedal torsdag kveld. Bilen med totalt fire personar i fekk truleg sleng og kolliderte med eit møtande vogntog.

Sandven gjekk i andre klasse på studiespesialiserande ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen. Rektor ved skulen, Lin Marie Holvik, fekk sjokkbeskjeden fredag morgon.

– Det er så trist og tungt for oss. Det går nesten ikkje an å setje ord på kor stor tragedie det er når ei 18 år gamal jente mister livet på ein slik heilt meiningslaus måte i ei bilulukke, seier ho.

Minneseremoni på Geilo og i Bergen

Medan NRK snakkar med Holvik sit ho i bilen på veg til Geilo. Dei fire ungdommane i bilen var på veg dit for truleg å delta i både bursdag- og russefeiring, ifølgje rektoren. Ho fortel at mange ungdommar framleis er på Geilo.

– Eg er på veg dit for å delta i ein minneseremoni der kultyrkyrkja på Geilo vil vere open for alle ungdommane som er igjen der.

For elevane som er att i Bergen vil skulen vere open frå klokka 18.00 til 20.00 fredag kveld.

– Der vil assisterande rektor Lise Holsen vere til stades. Det same vil helsesøster, rådgjevar og lærarar. Då vil skulen vere open for dei som måtte ønskje å kome og vere saman i sorga, seier Holvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geilo kulturkirke

SAMLING: I kveld samlast ungdommane som framleis er på Geilo, i Geilo kulturkyrkje for å minnast omkomne Ida Sandven.

Foto: Erling Johnsen / NRK

– Pregar mange

Ho fortel at heile skulen er prega av hendinga, men at også andre utanfor skulen er velkomne til å møte opp på skulen fredag kveld.

– Det går ikkje an å setje ord på kor trist det var å høyre at det var ein av våre elevar som omkom i denne bilulukka. Vi er ein ny skule og det er veldig mange som kjenner kvarandre. Ida budde i bydelen vår så nettverket hennar strekkjer seg jo også til Sandsli og Fana, så dette pregar heile bydelen og ikkje berre skulen vår. Så i kveld vil det vere ope for alle som ønskjer å kome.

Linn Holvik

TRIST: Rektor Lin Marie Holvik seier fredag har vore ein tung dag. Fredag kveld deltek ho i minneseremoni på Geilo.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Og sjølv om det er ein tung dag for både tilsette og elevar ved skulen, går rektoren sine tankar først og fremst til dei næraste.

– Det har vore ein veldig tung dag å komme gjennom. Men aller mest tenkjer vi på dei som står Ida nærast, foreldra hennar og dei næraste vennane. Så får vi prøve å gjere så godt vi kan i den situasjonen vi er for å hjelpe så godt vi kan, seier Holvik.

Har oppretta kriseteam

Skulen har oppretta kriseteam og i morgon skal dei møtast og planleggje korleis dei skal ta imot elevane måndag morgon.

Ei anna kvinne (18) og ein mann (19) som sat i same bil som Sandsven, vart send til Ringerike sjukehus med lettare skader. Ifølge politiet skal det ha vore svært glatt på ulukkesstaden.

Totalt var fire bilar involverte i ulukka.

Nordahl Grieg Videregående skole

SØRGJER: Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen mista i går ein av elevane sine. Fredag kveld opnar dei skulen for alle som ønskjer.

Foto: pilkington.com