Hopp til innhold

Slik avvergar du brannkatastrofen

Dei første minutta av ein brann er avgjerande for korleis brannen utviklar seg.

Skogbrann

STOR SKOGBRANNFARE: I desse dagar åtvarar Meteorologisk institutt mot stor skogbrannfare i fleire delar av landet.

Foto: Ronny Hjertås

Det er viktig å ikkje slå på flammane. Det kan gjere vondt verre.

Brannmann, Frode Bødtker

Meteorologisk institutt åtvarar i desse dagar mot ekstrem høg skogbrannfare fleire stader i landet.

– Dersom ein er første person på staden der eld har blussa opp, er det mykje ein kan gjere for å hindre spreiing av brannen. Dei første minuttane kan vere avgjerande for om brannen endar i katastrofe. Det er viktig å handle raskt, seier vakthavande sjef i Bergen brennvesen, Frode Bødtker.

Prøv å slokk sjølv

Frode Bødtker

KAN AVVERGE KATASTROFE: Brannmann Frode Bødtker fortel at det er mykje ein kan gjere for hindre at brannen får store konsekvensar.

Foto: NRK

Ifølgje brannmannen får brannvesenet ofte meldingar frå turgåarar som har halde hovudet kaldt når det har teke fyr i skogen.

– Det at folk har visst kva dei skal gjere, har fleire gonger avverga større brannar, fortel brannmannen.

Men for å unngå å gjere ting vondt verre er det viktig å veta kva ein skal gjere, og kva ein må unngå dersom elden har blussa opp.

– Skogen er ofte den einaste ressursen ein har tilgjengeleg. Då er det viktig å veta korleis ein skal bruke den. Og dei første minuttane kan vere avgjerande kor store konsekvensar brannen får.

Eit godt tips er å brekke eit lite tre på cirka to meter, og fjerne kvistar nedanfrå til du sit igjen med ein dusk i toppen. Dette er ein utmerka reiskap å bruke som ein feiekost på brennande organisk materiale. Ein brukar den til å børste flammane tilbake i brannområdet, og dermed kan ein hindre flammane i å spreie seg, fortel han.

– Men det er viktig å ikkje slå på flammane. Det kan ha dårleg effekt, og kan til og med gjere vondt verre.

– Ikkje ta sjansar

Sølv om det er mange som veit kva dei skal gjere når dei oppdagar skogbrann, får brannvesenet stadig vekk melding om brannar der folk har tent på mark på eigedomen sin, og som mistar kontroll over elden.

– Å svi gras på eigedomen sin er det klassiske dømet på korleis skogbrannar starta. Folk trur dei har kontroll, men så tek vinden tak i flammane, og ein klarer ikkje lenger å handtera det.

Dersom skaden skjedd og brannen har bvyrja å spreie seg er det viktig å ikkje ta unødvendige sjansar, seier brannmannen.

– Å sløkkje skogbrann er farleg arbeid. Det er ekstremt viktig å vera veldig forsiktig. Dersom brannen har byrja å spreie seg for alvor er det berre å kome seg ut av området før flammane får omringa deg.

– Bruk folkevett

Dersom ein har gjort alt rett og har fått kontroll over brannen, er det likevel viktig å varsla brannvesenet.

Ved skog- eller lyngbrann kan det brenna i jordsmonn, maurtuer. Det kan lett blussa opp att ved eit lite vindpust, difor er det naudsynt at brannvesenet kjem til staden og kan sløkkje skikkeleg, seier Bødtker.

– Det er viktig å kose seg i fineveret, men folk må bruke hovudet når ein er i skogen og når det er så tørt i graset. Ein må vera merksam på forbodet mot open eld som gjeld frå 15 april til 15 september.