Det nydelege vårvêret på Vestlandet har fått smilet og sommarkleda fram hos dei fleste no i påsken. Men alt har ei bakside, også blå himmel og høge temperaturar.
– Vi har fått tilbakemeldingar om at det er veldig tørt no i terrenget på Vestlandet. Det er mykje tørr vegetasjon, og vi ser jo også at det har vore brannar både i Møre og Romsdal og i Hordaland i dag, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.no.
Fagerlid peikar på at langtidsvarselet syner at det knusktørre finvêret vil halde fram i heile Sør-Norge i mange dagar til, og at det er årsaka til at Meteorologisk institutt no har sendt ut obs-varsel for brannfare i skog og mark.
- LES OGSÅ:
Ventar høge temperaturar
– Vi får høge temperaturar på dagtid i mange dagar heilt til over neste helg, og på det grunnlaget så bestemte vi for å sende ut obs-varsel. Vi forventar dagtemperaturar over 15 grader nesten kvar einaste dag, og milde netter, opplyser meteorologen.
I tillegg vil det trekkje litt meir frå aust no enn det har gjort dei siste dagane.
– Det er ikkje snakk om den store vindstyrken, men det er nok til at om det først byrjar å brenne så kan det vere ugunstig med tanke på brann.
- LES OGSÅ:
Åtvarar mot grilling i det fri
Statsmeteorologen åtvarar no på det sterkaste mot at folk fyrer opp noko som helst ute i terrenget, til det er brannfaren no alt for høg.
– Det er jo slik etter ein lang vinter så har folk gjerne lyst å grille, og gjerne då ute i naturen. Vi ber folk vere obs på brannfaren og at ein tenkjer seg om før ein tenner opp eld i naturen. Det kan fort utvikleg seg til ein skummel brann, slår Fagerlid fast.
Frå 15. april er det uansett forbode med all åpen eld i det fri.