Hopp til innhold

Første kvinnelege ordførar skal leia historisk samarbeid

Etne får sin første kvinnelege ordførar nokosinne. Men Siri Klokkerstuen (Ap) innrømmer at det blir utfordrande å leia det spesielle trekløveret Ap, KrF og Frp.

Siri Klokkerstuen

HISTORISK: Siri Klokkerstuen er både den første kvinnelege ordføraren i Etne, og den første ordføraren frå Arbeidarpartiet i kommunen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vallogo

– Det er litt historisk. Eg synest det er flott og ei stor ære, seier Klokkerstuen.

Seint i går kveld inngjekk Arbeidarpartiet, KrF og Frp ein historisk samarbeidsavtale i Etne.

Resultatet vart at Siri Klokkerstuen fekk øvste posisjonen i kommunen. Det var lokalavisa Grannar som omtala saka først.

Det er også første gong Arbeidarpartiet får ordførarstillinga i kommunen.

– Har prøvd lenge

Klokkerstuen seier ho har stått på for å overta ordførarkjede.

– Eg har prøvd mange gongar før. Eg har vore varaordførar i to periodar, og dette har eg verkeleg jobba for lenge. Så eg er positiv til å ta fatt på oppgåva, men det vert jo mange utfordringar.

Sigve Sørheim frå Sp har vore ordførar sidan 2007, men må no gje frå seg ordførarkjede til Ap-kvinna.

– Utfordrande samarbeid

Om samarbeidet med KrF og Frp er ho klar på at det blir utfordrande.

Det er klart at dette samarbeidet blir spennande og ei utfordring. Dette er jo parti som tradisjonelt står langt ifrå kvarandre. Men eg trur absolutt det skal vera mogleg. Det er store forskjellar på politikken lokalt og nasjonalt, og mykje er personavhengig.

– Eg tenker at den utfordringa er me klar for å ta alle sammen, fordi me har tru på samarbeidet.

Den framtidige ordføraren håper kommunen no kan bli meir samla.

– Me ønsker å samla Etne kommune. Valresultata viser ei stor splitting mellom Skånevik og Etne, og me vil prøva å få meir heilskap i kommunen.