Forskarar fryktar at «supermateriale» gir lik helserisiko som asbest

Gründerar vil lage superfiber av røyken frå restavfall, men Folkehelseinstituttet meiner materialet kan vere like farleg for helsa som asbest.

Jan Børge Sagmo, Bergen Carbon Solutions

HELSEFARLEG? Jan Børge Sagmo i Bergen Carbon Solutions planlegg å bruka CO₂ frå pipa til forbrenningsanlegget til å laga det ettertrakta «pulveret» karbon-nanofiber. Folkehelseinstituttet seier fibrane liknar asbest.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg ville vore skeptisk til å lage lange fibrar utan å følge dette nøye opp, seier seniorforskar Magne Refsnes ved Folkehelseinstituttet (FHI).

NRK har tidlegare fortalt om gründerselskapet Bergen Carbon Solutions (BCS) som planlegg å laga karbon-nanofiber av CO₂ frå forbrenningsrøyken ved Bir sitt anlegg i Rådalen i Bergen.

– Dette er parallelt med asbest, som også har lange, tynne fibrar. Effekten av karbon-nanofiber er veldig samanliknbar med asbest, seier Refsnes.

Bergen Carbon Solutions, Bir Avfallsenergi og BKK Grønn invest samarbeider om karbon-nanoprosjektet

SAMARBEID MOT KLIMAGASS: Finn Blydt-Svendsen i BCS, Ingrid Hitland i Bir Avfallsenergi, Jan Børge Sagmo i BCS, Monika Inde Zsak i BKK Grønn Invest.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Superlett superstål»

Søppelforbrenningsanlegget i Rådalen leverer fjernvarme til BKK, men slepp ut 230.000 tonn CO₂ årleg. Dette er dermed byens største enkeltutslepp av karbondioksid.

Dagleg leiar Ingrid Hitland i Bir avfallsenergi meiner at å utnytta CO₂-utslepp som ein ressurs, er eit viktig bidrag i klimakampen.

– Karbon-nanofiber er lettare enn plast, men hundre gonger sterkare enn stål, og kan til dømes gi svært kraftige batteri for bil, båt og fly, sa administrerande direktør Jan Børge Sagmo i BCS.

Karbon-nanofiber frå Bergen Carbon Solutions

SUPERMATERIALE: Mikroskopbiletet viser dei lange, tynne karbon-nanofibrane som gir eit materiale som er mykje sterkare enn stål og kan gi svært kraftige batteri.

Foto: Bergen Carbon Solutions

Fleire skeptiske

I Noreg har det sidan 1985 vore totalforbode å bruka asbesthaldige materialar, fordi det å pusta inn asbeststøv kan gi kreft eller lungesjukdom.

Forma på asbestfibrane er ein viktig grunn til at dei er farlege å få ned i lungene. Særleg variantar med fibrar over 5 mikrometer gir helserisiko.

Magne Refsnes i Folkehelseinstituttet

ÅTVARAR: – Risikoen er om støv med karbon-nanofiber blir pusta inn i samband med produksjon, bruk eller destruksjon av materialet, seier Magne Refsnes ved Folkehelseinstituttet.

Foto: FHI

– Ein bør vera skeptisk til karbon-nanofiber med tilsvarande form eller lengde som asbest. Risikoen er om fibrane blir frigitt til luft i samband med produksjon, bruk eller destruksjon av materialet, seier Refsnes ved Folkehelseinstituttet.

Forsøk har vist at dyr som pustar inn karbon-nanofiber, sjølv ved låge dosar kan få betennelsesreaksjonar i lungene.

– Asbest kan gi lungekreft, og det er mistanke om at karbon-nanorøyr kan gjera det same, seier Refsnes.

Også forskingssjef Shanbeh Zienolddiny i Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) skriv til NRK at enkeltstudium har vist visse likskapar i helseeffekt når ein har samanlikna karbon-nanofiber med asbestfiber. Men helseeffektane er ikkje bevist.

Zienolddiny understrekar at han ikkje kjenner til materialet og produksjonsprosessane til Bergen Carbon Solutions og derfor ikkje kan uttala seg spesifikt om prosjektet.

Asbest

FARLEG STØV: Å byggja med asbestplater vart totalforbode i 1985 men finst framleis i mange bygg. Å pusta asbeststøv er svært helsefarleg.

Foto: Tom Eriksen

– Trygt og miljøvenleg

BCS har ikkje svart på kor lange fibrar deira produkt har, men på spørsmål frå NRK skriv Sagmo at fibrane dei produserer er lange og uniforme, og av bra kvalitet.

– Materialet blir mellom anna brukt innan medisin. Det er ikkje som asbest. Me produserer karbon-nanofiber frå CO₂ gjennom ein kontrollert prosess i ein lukka reaktor der helse, miljø og sikkerheit blir godt varetatt.

Sagmo understrekar at produksjonsprosessen ikkje inneber kontakt mellom produkt og menneske utan sikkerheitsutstyr.

– For oss er det eit overordna mål å bidra positivt til miljøet, og produktet vårt har mange positive eigenskapar, bruksområde og nytteverdiar for samfunnet.

Forbrenningsovnen til BIR i Rådalen: Jan Børge Sagmo t.v. og Ingrid Hitland

BRUK OG REINS: Bergen Carbon Solutions og Bir Avfallsenergi ønsker å produsera karbon-nanofiber og samstundes redusera CO₂-utsleppet frå søppelforbrenningsovnane i Rådalen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ingen grenseverdiar

Ifølge Stami har ingen land fastsett grenseverdiar for karbon-nanofiber eller karbon-nanorøyr. Men det amerikanske arbeidsmiljøinstituttet NIOSH har gitt nokre tilrådingar.

– Desse er strenge samanlikna med det som er tillate av vanleg svevestøv i uteluft. Det burde bli laga eit spesielt regelverk for nanopartiklar og nanofiber, meiner Refsnes.