Dette kom fram under planlegging av kameratkøyringsfelt.
- Kollektivfeltet blei godkjend fordi det skulle vera til kollektivtrafikk. Dersom ein skal opna for personbilar, vil det krevja ein breiare veg, fortel byråd for byutvikling i Bergen, Lisbeth Iversen.
Lisbeth Iversen. (Foto: Bergen kommune)
Hastesak
Eit ekstra felt langs Flyplassveien blei fremja som ei hastesak av byrådet straks dei hadde fått makta i byen.
Utbygginga av fjernvarme etterlot ein brei vegskulder som politikarane ville utnytta.
- Me skunda oss med å få til denne vegen, seier byråden.
Men no kan det altså sjå ut til at politikarane skunda seg vel mykje.
Kan bli dyrt
Feltet til 150 millionar kroner er altså korkje planlagd, bygga eller godkjend for anna enn bussar og drosjar.
Skal feltet opnast for bilar med to eller flere i, vil det kosta.
- Me må få faglege vurderingar på dette. Dersom løysinga blir å utvida vegen, vil det ha både reguleringsmessige og investeringsmessige sider ved seg som me må leggja fram i ei eiga sak, seier Lisbeth Iversen.