Hopp til innhold

Folkehøgskuleelevar frå Bergen forlét det katastroferamma området

Tjue elevar og to tilsette frå Fana Folkehøgskule dreg frå Japan i morgon.

Dagfinn Eggen

BEKYMRA: Rektor ved Fana Folkehøgskule, Dagfinn Eggen, har fylgt med på internett og svart på mange spørsmål frå bekymra pårørande dei siste dagane. Elevane og dei to tilsette frå folkehøgskulen er per tidspunkt den største norske gruppa som oppheld seg i Japan. I morgon kveld landar dei på Gardermoen.

Foto: NRK

Det er ein tydeleg letta rektor ved Fana Folkehøgskule som snakkar med NRK i føremiddag.

– Det er kjempebra å veta kor dei er og me vil jo at dei skal koma heim. Me vil at det skal vera trygt, seier Dagfinn Eggen, og legg til at det er mange som har vore bekymra her heime.

– Gruppa har om lag hundre foreldre og foresatte som er meir eller mindre kjempenervøse for situasjonen.

Kaotisk i Tokyo

Folkehøgskulen opplyser at flybillettar er bestilt og at gruppa dreg heimover i morgon. Reisa vil gå frå Japan sin tredje største by, Nagoya, lokalisert ved kysten av Stillehavet.

Dette er grunna kaotiske tilstandar i Tokyo, der lokale guidar har informert folkehøgskulen om mangel på mat i butikkane, etterskjelv, tak som rasar saman og folk som held seg heime frå jobb.

Gruppa frå Fana Folkehøgskule vil difor fly frå Nagoya klokka 11.55 via Helsinki, og er forventa framme i Oslo i morgon kveld. Nokre personar i gruppa vil dra attende til Bergen og skulen, medan andre dreg heim til Florø og Trondheim etter elevane sine eige ynskjer.

Video Folkehøgskule-elevar i Japan

SJÅ VIDEO: Rektor Dagfinn Eggen ved Fana Folkehøgskule fortalde om situasjonen for elevane og dei to tilsette i Vestlandsrevyen fredag.

– Alle har det bra

Studentane og dei to tilsette var på studietur i Japan då naturkatastrofen inntraff, men rektoren kunne allereie på fredag fortelja at alle har det bra.

– Det var litt vanskeleg å få kontakt med dei på telefon. Japan er langt borte og systemet er vanskeleg, men me har hatt kontakt på SMS fleire gonger og dei som er der nede har hatt kontakt med kvarandre. Meldingane går ut på at alle har det bra, seier han.

Urolege pårørande

Rektoren har hatt ei travel tid etter at meldingane om katastrofen i Japan tikka inn. Han har fylgt dramaet via internett og svara på spørsmål frå bekymra pårørande.

– Det er mammaer, pappaer, kjærastar og onklar som ringjer inn, seier han.

Sjølv opplevde han meldingane om katastrofen som sjokkerande.

– Eg vart livredd og hoppa nesten ut av senga. Eg tenkte oi, oi, oi, og ja, det var eit sjokk, seier han.

Rektoren si melding på heimesidene til folkehøgskulen indikerer at han ser fram til å ha elevane og dei tilsette på norsk jord att.

– Då vonar eg dette ordnar seg, og så vonar eg at alt ordnar seg for japanarane i Japan, skriv han.