Hopp til innhold

Musikarar snur døgeret for Grieg-sending: – Ærefullt og spanande

GRIEGHALLEN (NRK): Dirigenten trur ei blanding søvn, kaffi og ikkje minst Edvard Grieg sine tonar vil få Harmonien gjennom den historiske 30 timars musikkmaraton.

Tone M. Birkeland i Bergen Filharmoniske Orkester

ØVER: Bergen Filharmoniske Orkester gjer seg klar til musikkmaraton. Fiolinist Tone M. Birkeland (midten) trur det kan bli ei utfordring å halde seg vaken.

Foto: Mats Arnesen / NRK

– Dette er «once in a lifetime», seier dirigent Torodd Wigum i Bergen Filharmoniske Orkester.

For første gong skal han dirigera eit orkester midt på natta. Fredag kveld brakar det laus når blant anna Harmonien i Bergen har hovudrolla saman med Edvard Grieg under NRK sitt nyaste sakte-TV-prosjekt.

Det er fyrste gong i historia at heile Edvard Grieg sin musikkproduksjon blir framført i ein konsert, minutt for minutt.

– Det synest eg er heilt fantastisk. Morosamt, det er ærefullt og spanande, seier Wigum, som er ein av fleire dirigentar som skal vera med på direktesendinga.

Les meir her: Slik blir verdas lengste Grieg-konsert

600 musikarar er med på maraton

I løpet av 30 timar skal over 600 musikarar spela seg gjennom 74 ulike musikkverk.

Grieg anno 1903

EDVARD GRIEG: For første gong i historia skal heile Edvard Griegs musikkproduksjon bli framført i ein konsert.

Foto: Grieg07

Konserten startar fredag og ymse kor og orkester skal bytte på å spele frå Troldhaugen og Grieghallen i Bergen, og Store studio i Oslo fram til laurdag kveld.

– No handlar det om å få øva inn musikken. Det blir spanande når så mange forskjellige musikarar skal framføra Grieg gjennom heile døgeret. I tillegg er det kjekt å endeleg få høyra alt han har komponert, seier dirigenten.

Utfordring å spela midt på natta

Utfordringa blir å spela midt på natta. Noko dei har aldri gjort før.

Ved midnatt set over hundre musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester i gong med blant anna Peer Gynt, før Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester er klar frå ca. klokka 05.00.

– Det kan bli ei utfordring å halde seg vaken. Vi må nok prøva å gira oss opp litt, men eg trur det blir gøy, seier fiolinist Tone M. Birkeland i Bergen Filharmoniske Orkester.

– Det blir spanande. Vi er veldig glad i å formidla Grieg, og når eg tenkjer på sendinga så «bruser det i bringa», legg Dag Anders Eriksen til.

dirigent Torodd Wigum i Bergen Filharmoniske Orkester

STØDIG HAND: Torodd Wigum er ein av dirigentane som skal leia Bergen Filharmoniske Orkester under minutt for minutt-sendinga.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Klar for direktesending

– Eg har tenkt å legga om døgeret. Fredag føremiddag er det lagt opp til ein stille dag, så då gjeld det å lada opp til 30 timar maraton, seier dirigent Wigum.

Han trur ei god blanding med søvn, kaffi og ikkje minst Grieg sin musikk vil halda dei vakne.

– Som dirigent er eg nok heldig og har nok ikkje den verste oppgåva gjennom natta. Då er det kanskje verre å vera songar. Det er kanskje meir skjørt med stemma, kontra armar. Vi får sjå, legg Wigum til.

Då står det att å finna ut om alle klarar å halda seg vaken. Sjå direktesendinga som startar kl. 17:30 fredag kveld: