NRK Meny
Normal

Fleire køyrer bil med beroligande middel

Stadig fleire bilistar blir tatt med det roande legemiddelet Klonazepam i blodet. I 2013 fann ein stoffet hjå ein tredel av dei rusa sjåførane.

Politikontroll

ROANDE MIDDEL: Fleire og fleire som vert stogga av politiet for køyring i rusa tilstand, har Klonazepam i blodet.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Det er eit anna rusmiddel enn alkohol som no stadig oftare vert funne i blodet til rusa sjåførar.

– Rohypnol ser vi nesten ikkje lenger. Den er i større grad blitt erstatta av legemiddelet Klonazepam, fortel overlege ved Folkehelseinstituttet, Knut Hjelmeland.

På landsbasis har ein tredel av dei rusa sjåførane det roande middelet Klonazepam i blodet. Medisinen vert i Norge marknadsført under namnet Rivotril og blir brukt mot epilepsi og angst.

Straffbart og livsfarleg

I Hordaland har over halvparten av dei rusa sjåførane tatt Klonazepam. Å køyre bil med meir Klonazepam i blodet enn det som svarar til 0,2 i promille, er straffbart og kan vera livsfarleg

– Konsentrasjonsevna vert svekka og hukommelsen blir redusert. Vidare vil reaksjonsevna og koordinasjonen bli nedsett, forklarar Hjelmeland.

– Har ikkje noko på vegen å gjera

Utrykkingspolitiet stoppar kvart år opp mot 9 000 bilistar dei mistenker for å vere rusa. Framleis vert flest tekne med alkohol i blodet. I 2013 utgjorde dei 56 % av dei kontrollerte.

Distriktsleiar i UP, Elling Krogen, seier at sjølv om Klonazepam i motsetning til alkohol er eit lovleg legemiddel, har folk som har tatt det ingenting på vegen å gjere.

– Definitivt ikkje. Alle som brukar medisin, også om det er lovleg føreskrive, må undersøke om ein kan køyre. Der har også legen eit ansvar, seier Krogen.

Utstrekt rusmiddel

Men dei rusa bilistane som har tatt Klonazepam er ikkje folk som har fått medisinen av legen. Medisinen er nemleg utstrekt brukt som rusmiddel.

– Det har nok meir å gjere med dei som nyttar det som rusmiddel. Det er nok den illegale omsetninga som er årsaka til at fleire blir tatt med dette i blodet, forklarar Hjelmeland frå Folkehelseinstituttet.

Dei siste åra har Kripos gjort store beslag av Klonazepam som tyder på stort og aukande illegalt sal av middelet. For dei som rusar seg på middelet er det ikkje uvanleg å bruka 5–10 gangar så høge dosar som ved vanleg medisinsk bruk.

For å oppnå raskare verknad, løyser nokre misbrukar tablettane opp i væske for å så injisere det rett i blodet.



Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.