Hopp til innhold

Bøtelagd etter køyretur i narkorus

Ei sognekvinne i midten av 40-åra må betale 10.000 kroner i bot etter fleire narkotikalovbrot. Kvinna skal mellom anna ha køyrd bil i narkorus.

Kvinna stod tiltalt for fleire narkotikalovbrot då saka gjekk i Sogn tingrett. Der tilstod kvinna alle forholda.

Det var i fjor haust at kvinna køyrde bil medan ho var påverka av rusande og bedøvande middel. Ei blodprøve teke av kvinna ein time etter ho vart stogga viste at ho hadde ei blanding av fleire stoff i blodet. Mellom anna amfetamin og Klonazepam.

Dagen før skal kvinna ha vore i Bergen der ho kjøpte både amfetamin, Subutex-tablettar, Valium-tablettar og hasjisj. Delar av dette skal ho også ha oppbevart heime hos seg sjølv.

Kvinna skal desse dagane også ha brukt amfetamin, i tillegg til fleire typar tablettar med narkotisk verkestoff.

Ei personundersøking viser at kvinna over fleire år har hatt eit stoffproblem, men at ting no går rett veg. Retten har difor vald å dømme kvinna til 36 dagar fengsel på vilkår.

Fengselsstraffa er med ei prøvetid på to år, og er gitt med den føresetnaden at kvinna gjennomfører eit promilleprogram. Det første året skal kvinna også stå under tilsyn av Friomsorgen i Sogn og Fjordane.

I tillegg til fengselsstraffa må kvinna betale 10.000 kroner i bot. Kvinna har ikkje førarkort og retten har bestemt at det må gå to år før ho kan prøve å ta det.