Hopp til innhold

Dette er dei rusa bilistane rusa på

63 prosent av dei som vart tekne for køyring i rusa tilstand i fjor i Sogn og Fjordane, køyrde med alkohol i blodet.

Ill.foto: Trafikkontroll

UTFORDRING: UP-sjef Runar Karlsen peikar på at blandingsrusen fører til endå større fare for ulykker.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Politiet sende gjennom 2012 inn 9717 prøvar frå norske bilførarar til Folkehelseinstituttets toksikologiske avdeling. I 97 prosent vart det funne rusmiddel, skriv VG.

VG har laga ei oversikt som syner kva dei rus-tekne bilførarane i kvart fylke var rusa på.

For Sogn og Fjordane var tala slik:

Sogn og Fjordane

 

Stoffnamn

Eksempel på medikamentnamn

Totalt positive funn

Prosent

1

Etanol

Alkohol

124

63%

2

Klonazepam

Rivotril

20

33%

3

THC

Virkestoff i cannabis

19

31%

4

Amfetamin

Dexetrine, Dexamine, Metamin, Deksamfetamin

15

25%

5

Metamfetamin

 

13

21%

6

Diazepam

Valium, Vival, Stesolid

10

16%

7

Pregabalin

Lyrica

6

10%

Topp tre er ganske lik landet over

Også på landsbasis er det alko-rus som dominerer. 59 prosent av dei rusa bilistane vart tekne med alkohol i blodet, 38 prosent med Klonazepam, medan 35 prosent hadde verkestoffet i cannabis, THC, i kroppen.

På dei to neste plassane kjem høvesvis Metamfetamin med 31 prosent, og Amfetamin med 29 prosent.

Ifølgje VG er topp tre-lista ganske lik i dei fleste fylke, men i Vest-Agder er Valium det stoffet som vert funne nest oftast.

– Vi ser at tala i fylke med store byar er ganske like landsoversikta, medan det for eksempel er langt meir alkohol og mindre Klonazepam i Nord-Norge. Det er truleg vanskelegare å få tak i medikamentet der, seier assistentlege Laila Røise Larsen til VG.

Ho legg til at ein på Vestlandet ser at deter mykje meir GHB, noko ein ikkje ser så mange andre stadar i Norge.

Rus er ein faktor i mange stygge ulykker

Ifølgje avisa trur instituttet at så mange som 126.000 bilistar legg ut på vegen med narkotika eller alkohol i blodet, kvar einaste dag.

Det uroar sjefen for Utrykkingspolitiet, Runar Karlsen, som kallar tala skremmande.

Ifølgje Statens vegvesen var ruspåverknad ein medverkande faktor til ulykka i meir enn kvar femte dødsulykke.

– Vi har i sommar sett fleire stygge ulykker der rus var ein faktor. Vi har ein enorm jobb framfor oss med å avdekke meir av dette, seier Karlsen, som ikkje ser vekk ifrå at dette er den største oppgåva UP har.