Årsaka til den kraftige auken er at barnevernstenestene i Bergensområdet har blitt meir tilgjengelege det siste året.
Eit samarbeid mellom Bergen kommune og Askøy, Fjell, Sund og Øygarden fører til at fleire barn havnar under barnevernet.
Seksdobling
Samarbeidet mellom Bergen kommune og dei andre kommunane starta i oktober 2004.
Ordninga inneber at barnevernstenestene er tilgjengeleg for familiar i krise både i helgene og på heilagdagar.
- Me har hatt ei seksdobling i talet på saker til Barnevakten sidan prosjektet starta, seier leiar for barnevernstenesta i Askøy, Jon Medvik.
Avslører
Første halvår i år har barnevernvakten fått inn nesten 100 fleire saker enn same periode i fjor.
I heile 2004 kom omlag 1300 barn innunder Barnevernvakta i Bergen.
Så langt i år er talet allereie 900.
Fleire barn får hjelp
Tidlegare har barnevernstenestene i utkantstrok ikkje vore tilgjengeleg i høgtider og helger, då behovet ofte er størst.
No når det er lettare å kontakta barnevernvakta, aukar også talet på saker.
Medvik understrekar at tryggleiken til barna no har blitt mykje betre.