NRK Meny
Normal

Her set Flaggruten kursen sørover for siste gong

I dag var det siste gong Flaggruten frakta passasjerar mellom Bergen og Stavanger. Etter 53 år er ruta historie.

Siste seilas frå Bergen

SISTE TUR: Her set MS «Tidebris» kursen mot Stavanger frå Bergen, for siste gong.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– Det er veldig trist at ruta vert lagt ned. Heldigvis mistar ingen jobben, fortel regionssjef for snøggbåtane i Norled, Bjørn Erik Søndenå.

Det var 10. september i år det vart kjent at den tradisjonsrike ruta vert lagt ned.

– Håplaust

NRK treff nokon av passasjerane som måndag har tatt den nest siste båten frå Stavanger til Bergen.

– Det er veldig trist. Det er ein så grei måte å komma fram til mine vener i Bergen på, seier ei eldre kvinne som har vore passasjer på snøggbåten i mange år.

– Eg har litt vondt for å gå og syns det er greitt å kunne sitte her på båten til eg er framme.

Andre meiner nedlegginga er håplaus.

– Det er mange som reiser mellom Bergen og Stavanger, og me treng tilbodet.

Blir erstatta med nye ruter

I dag er det dei to fartøya MS «Tidebris» og MS «Tyrving» som fraktar passasjerar mellom Stavanger og Bergen. Flaggruten vert drive av selskapet Norled, og Søndenå fortel at han tykkjer det er vemodig at den tradisjonsrike ruta ikkje lenger skal gå.

– Men fleire av rutene vil bli erstatta med nye ruter. Strekningen mellom Stavanger og Haugesund får ny ruta og også strekninga mellom Bergen og Leirvik blir dekka av nye ruter, presiserer Søndenå.

Men mellom Haugesund og Leirvik vil det ikkje lenger gå båt. Det vil seie at passasjerar ikkje lenger kan ta seg frå Bergen til Stavanger med den tradisjonelle ruta.

Saka held fram under videoen.

Siste reis for Flaggruten

SJÅ VIDEO: Her frå siste tur frå Haugesund.

Kaptein på siste dagen

Rune Hemnes

KAPTEIN: Rune Hemnes på MS «Tidebris».

Den siste Flaggruten frå Bergen i retning Stavanger gjekk klokka 16.05 frå Strandkaiterminalen. Kaptein på MS «Tidebris» var i dag Rune Hemnes.

Han har jobba i Flaggruten i kring 15 år.

– Det er ein litt trist dag. Det er ein epoke som er over, men det har vore ei fantastisk tid, seier Hemnes til NRK medan passasjerane går på båten.

Flaggruten vart starta same år han vart fødd. Hemnes minnast ei stordomstid på slutten av 90-talet og byrjinga av 2000-talet.

– No er det vorte fleire tunnelar og ein er knytt mykje nærare i sør. Men no vil det ikkje gå båt mellom Rogaland og Hordaland lenger, det er litt spesielt.

«Sleipner» gjekk på grunn

Den mest alvorlege hendinga med Flaggruten, skjedde fredag 26. november 1999. Då grunnstøytte MS «Sleipner».

Båten gjekk frå Haugesund klokka 18.50 med kurs for Bergen. På strekninga nordover var det bygevær med sterk vind, og fartøyet gjekk på skjæret Store Bloksen.

MS «Sleipner» sende ut naudmelding til Rogaland radio som igjen alarmerte Hovedredningssentralen. «Sleipner» var gått på grunn ved Ryvarden. Rogaland radio tok kontakt med fartøy som ein kunne mobilisera for å delta i redningsaksjonen, og kort tid etter forliset var minst ti fartøy ved ulukkesstaden.

69 personar vart redda opp frå havet, men 16 personar mista livet i den tragiske ulukka.

Siste video

Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
Nå vurderer naboene å flytte.