Hopp til innhold

Små firma får skilt-nekt frå Vegvesenet

Små reiselivsbedrifter rasar mot Statens vegvesen fordi dei tapar store pengar på at dei ikkje får setje opp skilt langs vegane. – Statens vegvesen er rett og slett lite samarbeidsvillige.

butikk

FINN IKKJE BUTIKKEN: Det er framleis mange kundar som er innom butikken og som trur den er ny, fordi dei aldri har sett den før.

Foto: Rita Taule

skilt Bjørkheim

ØNSKJER SKILT: Taule ønskjer å få skilt til gardsbutikken sin, men Statens vegvesen nektar.

Foto: Rita Taule

Små reiselivsbedrifter er oppgitte over Statens vegvesen fordi dei får nei til å setje opp skilt langs norske vegar.

Rita Taule driv gardsbutikk på Bjørkheim i Samnanger. I tre år har ho prøvd å få skilt til butikken sin.

– Det er framleis mange kundar som er innom butikken og som trur dette er ein ny butikk, fordi dei aldri har sett den før, seier Taule.

Taule merkar at det ikkje er lett å overleve på lokal mat, når få veit at butikken hennas finst.

– Når du ikkje har skilt så må du gjere alle mogelege ablegøyer for å bli synleg, og vi vil bli synleg, seier Taule.

Store hindringar

Taule

FORTVILA: Taule merkar at det ikkje er lett å overleve på lokal mat, når få veit at butikken hennas finst.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Jan Tjosås er styreleiar i organisasjonen Hanen som skal hjelpe små reiselivsbedrifter opp og fram. Han synest det er uforståeleg at det skal vere så vanskeleg å få sat opp skilt til gardsbutikkar og serveringsstader.

– Vi bruker nesten eit halvt årsverk på å hjelpa produsentane med å få opp desse skilta og sånn burde det ikkje vera, seier Tjosås.

Han meiner Statens vegvesen er ei av dei største hindringane.

– Dei finn på ei eller annan grunn som gjer av vi ikkje får opp desse skilta, forklarer Tjosås.

Ei målsetting

Hanen

UFORSTÅELEG: Jan Tjosås, styreleiar i organisasjonen Hanen synest det er uforståeleg at det skal vere så vanskeleg å sette opp skilt.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Det er mange årsaker til at nokre får skilt-nekt. Til dømes at det er for mange skilt på staden allereie. Dessutan er det ikkje sikkert at vegstellet kan sette omsynet til næringsdrivande først, forklarer Svein Holmedal, senioringeniør i region vest.

– Vi har ei målsetting og vi er pålagt av regjering, storting og direktorat til å handtere trafikantane på det norske vegnettet etter beste evne, seier Holmedal.

Tjosås trur derimot at det kan også forvirra bilistane når dei ikkje finn fram fordi det er ikkje skilt til stadene dei leiter etter.

– Det tar jo merksemda vekk når ein ikkje finn det ein leiter etter, så eg trur vi hadde tolt fleire skilt her i landet, seier Tjosås.