NRK Meny
Normal

Finn.no kjøper sekker med havplast

FANA (NRK): Folk kan no selja havplast for 100 kroner sekken, men miljøforkjempar er skeptisk til den betalte ryddeaksjonen.

Familien Eikeland Kuschera på stranda

ENGASJERT FAMILIE: Familien har engasjert seg både før og etter at Finn.no oppfordra til strandrydding.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Plast i naturen har vore eitt heitt tema dette året, noko ein kan takka gåsenebbkvalen på Sotra for. Kvalen hadde magen full av plast, og var så sjuk av han måtte bli avliva.

Men kvalen døydde ikkje forgjeves ettersom han førte til eit engasjement som ein ikkje har sett maken til tidlegare. No har endå ein aktør kome på banen.

Den populære nettstaden Finn.no har delt ut 6000 bossekkar som skal bli fylt opp med plast frå havet. Desse skal nettstaden igjen «kjøpa» for 100 kroner.

Heiv seg straks på

Nokre av dei som har engasjert seg etter stuntet til Finn.no er familien Eikeland Kuschera. Lena, Espen og sonen Sigvald går langs sjølinja i Melkeviken i Fana med tre tomme bossekkar med Finn-logo på.

Familien kom tilfeldigvis over ei annonse på nettstaden Finn.no der det stod «ønskes kjøpt: havplast». Frå denne annonsen kunne dei få tilsendt tomme bossekkar som dei kunne fylla opp og levera til ein gjenvinningsstasjon for 100 kroner per sekk.

– Me heiv oss på med ein gong. Me tenkte at ungane kunne hjelpa til, og få seg litt sommarferiepengar, seier Lena Eikeland Kuschera.

Ho synest at stuntet til Finn.no er ein artig måte å engasjera folk på. Aksjonen starta i juni då Finn.no delte ut 2000 bossekkar, men dei enda opp med å dela ut totalt 6000 bossekkar, som alle er rivne vekk.

Familien Eikeland Kuschera ryddar strendene

RYDDAR STRANDA: Det er mykje boss å finna i Melkeviken i Fana.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Skeptisk til betalt rydding

– Me ønska å bruka marknadsplassen vår til å engasjera ei målgruppe som kanskje ikkje har engasjert seg så mykje i problematikken tidlegare, seier Kristine Eia Kirkholm, som er informasjonssjef i Finn.

Ho fortel at folk samlar inn havplast i deira bossekkar over heile landet. Kenneth Bruvik frå Jeger- og fiskarforbundet er kjent for sitt brennande engasjement for naturen. Han synest det er flott at folk engasjerer seg, men er skeptisk til den betalte ryddeaksjonen.

Kenneth Bruvik

SKEPTISK: Naturvernar Kenneth Bruvik er skeptisk til å betala folk for å plukka plast.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er viktig å ta vare på dei som ryddar utan å få noko for det. Eg trur me fort kan gå i ei felle om me stoler på at me skal betala alle for å plukka plast.

Eia Kirkholm i Finn trur ikkje stuntet deira går på kostnad av den ubetalte frivilligheita.

– Me trur at dess fleire som bidrar, dess større fokus får me på denne problematikken.

Vil plukka i lang tid framover

Bossekkane blir raskt fulle i Melkeviken, men det er ikkje det verste familien har vorte borti. Dei har engasjert seg tidlegare også.

Sigvald Eikeland Kuschera synest det er dumt at det er så mykje plast overalt.

– Kor lenge kjem du til å plukka boss då?

– I ganske lang tid framover, trur eg. Visst det framleis er mykje når eg blir større, så skal eg også plukka masse, for det er bra for naturen.

Sigvald Eikeland Kuschera plukkar plast

SKAL PLUKKA LENGE: Sigvald Eikeland Kuschera har ikkje tenkt å slutta med plastplukking med det første.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.