Hopp til innhold

Finn skjelett frå 1700-talet midt i Bergen sentrum

Under gravearbeid dukka ein over 200 år gamal leivning opp. – Berre den siste månaden har vi funne fem slike, seier arkeolog.

Skjelett funnet ved Domkirken i Bergen

EIT AV FLEIRE: Fredag dukka eit skjelett opp under gravearbeidet ved Domkirken i Bergen. No skal arkeologane undersøke det.

Foto: PETTER OMDAL

– Det har vore ein kyrkjegard i området tidlegare, som høyrde til Domkirken, seier Per Christian Underhaug i Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU).

Fredag dukka eit skjelett opp i samband med gravearbeidet i Kong Oscars gate i Bergen, like ved Domkirken. Her vert det jobba med mellom anna nytt bossnett og utbetring av vass- og avløpssystem.

NIKU, som driv forsking på kulturminne, overvaker gravinga.

– Vi har funne fleire skjelett her den siste tida, kanskje fem stykk berre den siste månaden. Men det er viktig informasjon for forskinga, seier Underhaug.

Fleire funn i området

Skjelettet som vart funne fredag kjem truleg frå slutten av 1700-talet. Det same gjeld dei andre som er funne i området den siste tida, fortel Underhaug.

– No må vi reinse fram beina, gjere målingar, ta bilete og prøvar av funna. Slik kan vi mellom anna finne ut mykje om sjukdomshistorikk, seier arkeologen.

Johanne Gillow

IKKJE OVERRASKA: Byantikvar Johanne Gillow seier det var forventa å gjere slike funn rundt Domkirken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Byantikvar Johanne Gillow stadfestar at det har vore ein kyrkjegard i området der det no vert gjort gravearbeid.

– Det er gjort ei rekke slike funn i Vågsbunnen, som er veldig spanande. Her er spor etter både bygningsstrukturar og gategrunn frå mellomalderen, i tillegg til desse kistene utanfor Domkirken.

– Små bitar i puslespelet

Domkirken vart opphavleg bygd som «St. Olavs kirke i Vågsbunnen» i det 12. århundre, fortel byantikvaren.

– Området var i utgangspunktet ein middelaldersk bystruktur, og her ligg framleis mange urørte lag med kultur og historie nedover. Etter bybrannen i 1702 bygde ein opp igjen byen på allereie utfylte massar, og difor gjer ein ofte slike funn når ein grev slik som i dag, seier Gillow.

Sjå meir om korleis steinbyggeskikken i Bergen var i mellomalderen:

Petter Omdal fekk auge skjelettet då han tilfeldigvis gjekk forbi Domkirken fredag føremiddag.

– Eg såg det først i sidesynet, og måtte stoppe opp og sjekke om det faktisk stemte. Så begynte eg å lure på kva historia bak dette er, og kor lenge det har vore der. Det er jo ikkje kvardagsleg å sjå slikt, seier Omdal.

Byantikvaren gler seg over funnet, og håpar det vil gje fleire svar på fortidas mange mysterium.

– Slike funn kan vere små bitar i puslespelet om fortida. Vi har avgrensa med skriftlege kjelder frå mellomalderen, og når vi finn slikt som dette kan det seie oss noko om korleis folk levde og korleis Bergen var som by. Vi bergensarar er jo opptekne av byen og historia vår, seier Gillow.