Hopp til innhold

– Slik laga vi «hovudet i boksen»-slutten

David Fincher fekk nesten sparken då han presenterte den legendariske Se7en-slutten til sjefane. – Eg likar filmar der ein reagerer med «Å nei, ver så snill!».

NRKs reporter Mikal Olsen Lerøen møtte den dobbelte Oscarnominerte regissøren David Fincher. Han er aktuell med sin nye spelefilm «Gone Girl» som rullar på norske kinoar i desse dagar. I intervjuet over fortel Fincher om korleis dei laga den berykta slutten på 1995-suksessen «Seven». Video redigert av Sigurd Hamre. Inneheld bilete frå Scanpix.

NRKs reporter Mikal Olsen Lerøen møtte den dobbelte Oscarnominerte regissøren David Fincher. Han er aktuell med sin nye spelefilm «Gone Girl» som rullar på norske kinoar i desse dagar. I intervjuet over fortel Fincher om korleis dei laga den berykta slutten på 1995-suksessen «Seven». Video redigert av Sigurd Hamre. Inneheld bilete frå Scanpix.

Brad Pitt, Morgan Freeman og eg sette ned foten og fekk den slutten vi ønska oss.

David Fincher

David Fincher er aktuell igjen med den psykologiske thrilleren Gone Girl. Ben Affleck spelar rolla som Nick Dunne, ein mann som opplev marerittet når kona Amy (spelt av Rosamund Pike) forsvinn frå heimen deira.

Den 52 år gamle regissøren står bak kjente filmar som Fight Club, Benjamin Button og The Social Network, samt at han var med å produsera første sesong av Netlflix suksessen House of Cards.

Med filmen er Fincher tilbake i thrillersjangeren der han overraskar publikumet med stadige vendingar og nye utviklingar.

– Eg likar filmar der ein går: Å nei, ver så snill! Det er veldig interessant. Eg følte det i både Hitchcock og Polanski sine filmar. Eg likar når ein som sjåar reagerer slik, fortel Fincher når han møter NRK i forbindelse sleppet av den nye spelefilmen.

Slo gjennom med sjokkavslutning

Seven - filmplakat

Filmplakaten til Seven (1995)

Og det var også slik den nordamerikanske filmregissøren slo gjennom, då han sjokkerte ein heil filmverd med Seven i 1995.

Eit par år etter ei dårleg debutoppleving som regissør for den tredje Alien-filmen, fekk Fincher sjansen til å revansjera seg med historia om ein seriemordar inspirert av dei sju dødssyndene.

Brad Pitt og Morgan Freeman spelar dei to detektivane David Mills og William Sommerset som jaktar mordaren John Doe (spelt av Kevin Spacey) frå det eine meir brutale drapet enn det andre.

Seven slo ned som ei bombe og vart svært populær, trass eit svært mørkt innhald. Og den store snakkisen var slutten.

(SPOILER! – har du ikkje sett Seven bør du slutte å lesa no – og heller sjå filmen)

Der får Pitt sin karakter levert kona sitt hovud i ei pappøskje. Mange var overraska over at ein Hollywood-film kunne ende på eit slikt brutalt vis.

– Du kan ikkje lage den scena

Film Review Gone Girl

NY THRILLER: Ben Affleck (t.v.) spelar hovudrolla i David Finchers nye spelefilm 'Gone Girl'. Filmen har noregspremiere i desse dagar.

Foto: Merrick Morton / Ap

Men det var slettes ikkje slik produsentane og sjefane ønska at thrilleren skulle slutte.

– Eg las tallause utgåver av manuset. Dei slutta alltid som ein vits, fortel Fincher om prosessen før innspelinga byrja.

Eit av forslaga var at detektiv Mills (spelt av Pitt) rasar tilbake leilegheita si, medan John Doe kryp gjennom vindauga.

– Og så kom det rare forklaringar på kvifor Doe gjorde alle dei sprø tinga. Men vi bryr oss jo ikkje om kvifor haien et dei som svømmer – vi bryr oss om at haien et dei.

Diskusjonen med Brad Pitt og Morgan Freeman landa på at dette var ein «head in the box-movie». Det var det som måtte bli slutten.

Dermed gjekk Fincher til produsenten og sa han hadde endringar. Inne på kontoret får regissøren beskjed om at den scena ikkje kan lagast.

– Seier du ja, kan vi byrje innspelinga om fem veker. Med Brad Pitt og Morgan Freeman i rollene, siterer Fincher sin dåverande produsent.

Fekk nesten sparken

Innspelingane byrja og filmen vart klypt. Og Fincher laga den overraskande og brutale slutten han ville ha.

– Då vi synte den fram til produsentane og studioet, så var alle klare for å sparke meg. Og det vart ein diskusjon om Pitt kunne finne ein av hundane hans sit hovud i boksen, i staden for kona sitt.

– Og Brad Pitt, eg trur ikkje han i det heile tatt trudde at ein slik slutt var ein moglegheit. Han trudde vi spøkte. Men det var der ein var på veg før Brad, Morgan og eg sette ned foten og fekk den slutten vi ønska.

Sjå heile intervjuet med David Fincher øvst i saka! Hans nye film Gone Girl rullar no på norske kinoar.

Fra innspillingen av «The girl with the dragon tatoo»

TROSSA SJEFANE: David Fincher laga slutten på Seven akkurat slik han og skodespelarane ville ha han. Her frå innspelingane av The Girl with the Dragon Tattoo.

Foto: FREDRIK SANDBERG / SCANPIX