Illustrasjonsfoto.
Då mannen blei pågripen laurdag hadde han med seg eit kamera skjult i ein pose, skriv Bergensavisen.
I posen var det laga til eit hol til linsa. Vekterar på kjøpesenteret har i lang tid observert mannen.
Beslagla videofilmar
37-åringen skal ha filma jenter i prøveromma på kjøpesenteret, og han skal óg ha filma oppunder skjørta til jenter i rulletrappa.
Etter pågripinga ransaka politiet heimen til mannen. Her beslagla dei tre videofilmar som viser det mannen har filma dei siste 2-3 månadene.
Seksuelt motivert
Politiadvokat Rudolf Christoffersen seier at handlingane har hatt eit seksuelt motiv.
Han er no sikta etter straffelova sin paragraf om seksuell krenking eller anna uanstendig åtferd på offentleg stad. Noko som kan bli straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år.
Mannen er i full jobb og tidlegare ukjend for politiet.