Hopp til innhold

Ferje sto bom fast i fire timar

Bilistane måtte ut på milelange omvegar for å krysse Hardangerfjorden. Problema med ferjekaien er no løyst og sambandet er tilbake i ordinær drift.

MS Utne fast i kaien

RIKKA SEG IKKJE: Køyrebrua har lagt fast i ferja sidan 12-tida måndag, og sidan då har ferjesambandet vore innstilt. Klokka 16 var problemet løyst.

Foto: Steinar Johnsen

– Nokre av dei reisande har valde å vente, medan nokre fann andre løysingar, fortalde kaptein Steinar Johnsen om bord i ferja MF «Utne» til NRK Hordaland i ettermiddag då ferja var innstilt.

Det var då den skulle leggje frå kai i 12-tida måndag at køyrebrua som kviler på ferja, ikkje ville løfte seg opp og sleppe ferja fri.

– Mekanikken som skulle løfte køyrebrua verka ikkje. Den vart liggande på ferja, og dermed var ferja låst til kaia, og kom seg ingen veg, forklarer regionssjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker.

Mellombels innstilt

Ferjesambandet Kvanndal-Utne var på grunn av kaitrøbbelet ute av drift i fleire timar.

Kaptein Johnsen kunne i 14.30-tida fortelje at Mesta var på kaia for å finne ut kva som var gale.

For å krysse Hardangerfjorden måtte dei reisande då køyre via Hardangerbrua, eller å ta ferjesambandet Tørvikbygd-Jondal.

Like etter klokka 17 melder Norled at ferjelemmen i Kvanndal er reparert og at ferjesambandet Utne- Kvanndal kan gå som normalt.

Kvanndal