Hopp til innhold

Ferje fekk motorstans - til kai etter seks timar 

Etter nærmare seks timar på fjorden fekk dei 102 personane om bord på ferja «Bastø II» endeleg land under føtene. – Uflaks av vi køyrde om bord på akkurat denne ferja, seier passasjer Bente Alfarnes Johansen.

Porten går opp

ENDELEG TIL KAI: Etter seks timar legg ferja «Bastø II» til kai. 

Foto: Privat

Klokka 19.15 la ferja «Bastø II» til kai etter å ha vært på fjorden i nesten seks timar. Over hundre personar hadde vært om bord sidan ho la frå kai klokka 13.30.

Sjølv om det tok lang tid var det roleg stemning om bord, fortel passasjer Bente Alfarnes Johansen.

– Det gjekk greitt. Eg har ikkje sett nokon som har vært sinte. Vi fekk tilbod om mat og fekk ta det vi ville i kafeteriaen.

Bente Alfarnes Johansen

LEI: Bente Alfarnes Johansen brukte halve dagen om bord på ferja.

Foto: Privat

Alfarnes Johansen og mannen hadde vært på helgetur i Bergen og var på veg heim til Stord da dei køyrde om bord i «Bastø II».

– Det var uflaks av vi køyrde om bord på akkurat denne ferja. Nå er vi lei og vil berre heim, seier Alfarnes Johansen.

Då dei endeleg køyrde av ferja venta ei anna ferje på dei.

– Vi blei prioritert først i køa og slapp å betale for billetten. Det skulle jo også berre mangle, ler ho.

Mista motorkraft

Klokka 13.30 la ferja «Bastø II» frå kai på Halhjem på europavegsambandet Halhjem-Sandvikvåg i Hordaland.

Om lag eit kvarter seinare mista ferja motorkraft og stansa midtfjords.

– Båten stansa om lag ti-femten minutt etter at me hadde lege frå kai. Det er ganske fortvilande, seier Alfarnes Johansen.

Her slepes Bastø II i Bjørnarfjorden etter motorstans

SLEPEFERD: Her slepes ferja midtfjords i Bjørnafjorden.

Foto: Erik Rustad / Erik Rustad

Må slepa alle passasjerane i land

Ifølge redningsleiar Cecilie Øversveen ved HRS Sør-Noreg var det 102 personar om bord. Kystvaktskipet «Bergen» låg tilfeldigvis i Bjørnafjorden og blei sendt i beredskap like ved.

– Ferja har fått ein motorstans og mannskapet har forsøkt å utbetra feilen. Situasjonen er under kontroll, og det er no avgjort å bestilla slepebåt, sa Øversveen til NRK like over klokka 14.

Administrerande direktør Torkild Torkildsen i Torghatten Nord opplyste at det var ein kjølar i ein av motorane som hadde gått.

– Det betyr at båten no skal opp til Halhjem for å få sett i land passasjerar og bilar. Me er avhengig av slepebåt, men me har blitt førespegla at den ikkje er langt unna, sa Torkildsen til NRK like over klokka 15.

Bastø II havarerte i Bjørnafjorden

SLEPT: Etter over tre trimar i driv på Bjørnafjorden var over hundre personar på «Bastø II» framleis i ferd med å bli slept tilbake til Halhjem.

Foto: Bente Alfarnes Johansen

– Tilbyr gratis mat og drikke

To mindre slepebåtar starta slepet rundt 15.10. I tillegg venta ferja på ein større slepebåt, taubåten BB Server.

Klokka 15.25 fekk passasjerane beskjed om at den truleg ikkje var framme før 16.30.

– Så dette kan ta tid, sa ein oppgitt passasjer til NRK.

Klokka 16.45 var BB Server framme ved ferja. Tre kvarter seinare var ferja framleis til sjøs.

– Dei seier vil ta endå ein time, men no tilbyr dei gratis mat og drikke, opplyste Johansen til NRK.

Kanselleringar utover dagen

Bente Alfarnes Johansen har barnebarn på Os, og reiser mykje med ferja.

– Det er litt fortvilande med desse nye aktørane og verkeleg ikkje godt nok, seier Johansen.

Motorstansen fører til kanselleringar utover dagen, stadfestar direktør Torkildsen.

– Me veit ikkje kor lang tid det vil ta å eventuelt skaffa deler.

Vegtrafikksentralen opplyser at reserveferja MF «Marsteinen» er sett inn på sambandet. Den held ikkje like høg fart, og det blir dermed kanselleringar.

Så langt er desse avgangane kansellerte:

  • Frå Halhjem kl. 16.50, 17.40 og 21.00.

– Det er vanskeleg å seia korleis avgangane utover dagen blir påverka. Selskapet skal få ferja inn til land og byrja feilsøking, så får me sjå, seier trafikkoperatør Marianne Hove.

KV Bergen i Bjørnafjorden

I BEREDSKAP: Kystvakta ligg i beredskap med skipet KV «Bergen».

Foto: Bente Alfarnes Johansen

Blytung start for ny ferjeaktør

Ved nyttår overtok Torghatten Nord ansvaret for ferjedrifta på E39-sambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Sidan den gang har problema stått i kø.

Fordi ferjene Torghatten skal bruka på sambandet er blitt forsinka frå verftet, har selskapet leigd inn fire ferjer: MF «Bastø II» og MF «Bastø III» frå systerselskapet Bastø Fosen, og MF «Fanafjord» og MF «Bergensfjord» frå Fjord 1.

Denne gongen er det «Bastø II»som har vanskar.

– Dette er ein teknisk feil som diverre kan oppstå. Diverre kjem det på toppen av at me har hatt ein del kanselleringar allereie.

Torghatten Nord har tidlegare uttalt at ferjene var venta levert i midten av januar.

No er håpet å ha dei på plass i løpet av februar.

– Dette er veldig frustrerande. Det var openbert ikkje sånn me hadde ønske å starta opp.

Ferje på Bjørnafjorden

STORE VANSKAR: Dei mange innleigde reserveferjene har slite med forholda i Bjørnafjorden. Rekordmange avgangar er innstilte på grunn av været.

Foto: Jon Bolstad / NRK