Hopp til innhold

– Fleire overgrepsdømde burde bli behandla

Frivillig behandling i fengsel er det einaste tilbodet overgrepsdømte får. I Bergen fengsel takkar under halvparten av overgriparane ja til behandlinga.

Leif Waage

KAN FUNGERE: Assisterande regiondirektør for kriminalomsorga i region vest, Leif Waage, har også vore leiar for Europarådets ekspertgruppe for behandling av seksualforbrytarar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Tilbodet om behandling i Bergen fengsel var det første strukturerte tiltaket for overgrepsdømde i norske fengsel, og starta i 1998. I dag nyttar 25 av 60 innsette seg av det frivillige tilbodet, der målet er å hindre nye overgrep.

Det finst no tilsvarande tilbod i fleire fengsel, men fordi behandlinga er frivillig har Helsedirektoratet ikkje ei nasjonal oversikt som viser kor mange som blir behandla.

Tilbodet bak murane er òg det einaste behandlingstilbodet dei overgrepsdømde får.

Frivillig å delta

– Det er omtrent umogleg å få behandling ute i samfunnet. Terapi burde vere lettare tilgjengeleg, det kan gjera mykje for mange, seier assisterande regiondirektør i kriminalomsorga region vest, Leif Waage.

Han er spesialist i klinisk psykologi, og var med på å etablere behandlingstiltaket i Bergen fengsel.

Spesialavdelingen i Bergen fengsel

BEHANDLING I FENGSEL: Dei overgrepsdømde som er inne til soning vel sjølv om dei vil ha behandling. Her frå ei spesialavdeling i Bergen fengsel.

Foto: Even Norheim Johansen

Dei overgrepsdømde som sit i fengsel søkjer sjølv om å få behandling. Waage skulle ynskje det var fleire som faktisk gjorde det.

– Inngangsbilletten er lett tilgjengeleg, men ein må innrømme at ein har eit problem.

Dei tilsette i fengselet prøver å gå i dialog med innsette som seier nei til behandling, men Waage fortel at ein ikkje har nok ressursar til å følge opp alle.

Ikkje dokumentert effekt

– Det er ingen behandlingsmetode av seksualforbrytarar som gir full effekt. Vi friskmeldar ingen, men kan redusere risikoen for nye overgrep og kriminalitet, seier Waage.

Mellom fem og 15 prosent av dei som tidlegare har vore dømd for seksuelle overgrep får tilbakefall.

Likevel trur ikkje Waage at det ville fungert betre om behandlinga var pålagt for alle som er under soning.

– Tvangsbehandling har ingen positiv effekt og kan heller forsterke problemet. Det er fullt mogleg å jobbe med å auke motivasjon for behandling, seier Waage.

Innsatt

VALFRITT: Dei overgrepsdømde i Bergen fengsel må sjølv søke om å få behandling. Biletet er tatt ved eit anna høve.

Foto: Runa Victoria Engen

– Behandlinga blir aldri god nok

Fengselsdirektør Knut Bjarkeid i Ila fengsel trur talet på dei som får behandling er lågare enn før.

– Dette har òg å gjere med at vi har ei større gruppe innsette no som det ikkje er mogleg å behandle eller som ikkje vil dra nytte av behandlinga, fordi dei er for sjuke, seier Bjarkeid.

Leif Waage meiner ein må styrke ettervernet for å kunne tilby oppfølging og behandling òg etter at dei dømde har sona fengselsstraffa

– Behandlingstilbodet er ikkje godt nok når vi no er usikre på effekten.