Hopp til innhold

Fekk ikkje svar om milliardprosjekt

– Eit samla fylke ønskjer at oppdrettsselskapet Nekst i Florø skal få starte opp, sa Liv Signe Navarsete (Sp) i spørjetimen i Stortinget i dag. Tre milliardar i investeringar og 100 moglege arbeidsplassar står i fare om Nekst ikkje får fleire konsesjonar til å drive oppdrett. Saka er klaga inn til fiskeridepartementet. Energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) svarte på vegner av regjeringa. Han sa dei ikkje kunne kommentere før klagen er ferdigbehandla.

Liv Signe Navarsete, Spørretimen.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix