Milliardprosjekt står i fare – vestlandspolitikarar rustar til kamp

Politikarane i Vestland går til kamp mot regjeringa. Dei krev at regjeringa skal gje gründerar lov til å satse milliardar på miljøvenleg lakseoppdrett.

Martin Ramsdal med folda hender

BER TIL HØGARE MAKTER: Martin Ramsdal i Nekst har søkt støtte frå vestlandspolitikarar for at gigantplanane om lakseoppdrett i Florø skal gå i oppfylling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Med ei investering på tre milliardar kroner og 100 nye arbeidsplassar, bør ein setje seg grundig inn i saka. Dette gjeld arbeidsplassar og store investeringar i Sogn og Fjordane, seier Martin Ramsdal.

Han og Florø-selskapet Nekst planlegg ein meir miljøvenleg lakseoppdrett. Dei vil kombinere landanlegg med merdar i sjøen som kan seinkast ned på djupna.

Men prosjektet står i fare. Nekst søkte opphavleg om 16 konsesjonar til å drive sjøoppdrett på to stadar, i Askvoll og Solund. Men av Fiskeridirektoratet fekk dei berre to. Det er ikkje nok til å drive lønsamt, meiner gründerane.

– Skjæret i sjøen er at vi ikkje får tildelt nok konsesjonar til at vi får gjort ei forsvarleg teknologisk testing og til at økonomien i prosjektet er slik at investorane ønskjer å satse, seier Ramsdal.

Politisk støtte

Nekst har klaga saka inn til fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp). Og dei har med seg eit heilt lag av vestlandspolitikarar som er villige til å kjempe deira sak, blant anna Nesvik sin partikollega og tidlegare statsråd, Terje Søviknes.

– Eg som fylkesordførarkandidat har jobba tett saman med Gunhild Berge Stang (V) om dette prosjektet. Vi er begge frå regjeringsparti og har eit stort engasjement for å skape verdiar og arbeidsplassar på kysten i nye Vestland, seier han.

Stortingsrepresentant for KrF, Tore Storehaug, stiller seg også bak prosjektet saman med resten av stortingsbenken frå Sogn og Fjordane. I eit brev til fiskeriministeren ber dei han om å støtte Nekst.

– Når fiskeridepartementet har godkjend teknologien og sagt at idéen er god, men ikkje gir nok konsesjonar til å få opp økonomien til å gå opp, så synest eg at det blir eit paradoks, seier Storehaug.

Ny teknologi

– Vi har tilgang til ny teknologi som gjer at vi kan drive oppdrett fritt for lus, og me kan drive utan fare for rømming, seier Ramsdal.

– Ingen lus, ingen rømming. Det høyrest nesten for godt ut til å vere sant?

– Ja, men dette er godkjend. Vi senkar merdane under det som vert rekna som lusebeltet for å unngå lusa, seier han.

Polske og portugisiske pengar

– Vi har med oss ei investorgruppe beståande av ein polsk produsent med fem fabrikkar i Polen. Og vi har med oss ein stor matvarekjede i Portugal som ønskjer miljøvenleg og berekraftig laks i sine butikkar kvar dag, seier Ramsdal.

Og ifølgje han er desse klare til å investere dersom det blir ein viss storleik på prosjektet.

– Det er klart at dei ønskjer ikkje å kome hit og investere i noko som berre blir småtteri, seier Ramsdal.

  • NRK har kontakta fiskeridepartementet for intervju. Dei vil ikkje kommentere saka, sidan ho er til klagebehandling.
Oppdrettsanlegg

DELVIS LANDBASERT: Nekst sitt prosjekt vil kombinere landanlegg med merdar i sjøen.

Foto: NEKST AS