Hopp til innhold

Feil på tusenvis av nye straummålarar

Kring 10.000 automatiske straummålarar sender ikkje inn målaravlesing til nettleverandør BKK. På landsbasis kan det vera snakk om endå fleire.

Ein av målarane det har vore feil på

EIN AV MÅLARANE DET HAR VORE FEIL PÅ: Det er slik målarane frå Nuri Telecom ser ut. Totalt skal BKK installere 210.000 slike.

Foto: PRIVAT

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vedteke at automatiske straummålarar (AMS) skal bli innført i alle husstandar innan 1. januar 2019.

Det var mot slutten av 2015 at BKK og 26 andre nettselskap signerte ein avtale med det koreanske firmaet Nuri Telecom. Herifrå kjøpte dei automatiske straummålarar til kring 750.000 straumkundar.

Til no har BKK installert 70.000 automatiske straummålarar i husstandar i sitt område. Men no viser det seg at kring 10.000 av desse har feil som gjer at BKK ikkje når kundane.

BKK har kjøpt inn nye straummålarar i samarbeid med 26 andre nettselskap i landet, men NRK har ikkje fått oversikt over i kva grad det same problemet har oppstått andre stader.

Går i «sleep-mode»

Det var rett over sommaren i fjor BKK først vart gjort kjend med feilen. Først i oktober kunne dei tilby ein versjon utan feilfunksjonar.

– Vi har no montert kring 54.000 nye AMS-målarar med den korrigerte og riktige firmware-versjon. Den fungerer heilt fint, seier AMS-prosjektleiar i BKK, Eli Kristin Dimmen.

Prosjektleiar for AMS i BKK, Eli Kristin Dimmen

Prosjektleiar for automatiske straummålarar i BKK, Eli Kristin Dimmen, presiserer ovanfor NRK at dei har funne ei løysing på feilen. Det vil likevel ta tid å få oversikt over omfanget.

Foto: Trine Reinkind/BKK

Årsaka til feilen er at nokre av AMS-målarane, som kommuniserer via mobilt breiband, har mista kontakt med basestasjonen sin. Målaren sender likevel ut signal, men signala krasjar.

Då går målaren inn i «sleep-mode», og BKK klarar ikkje å nå dei fjernstyrt.

– Straumbruken til kunden må då bli stipulert, for vi anar ikkje kva forbruket er, seier Dimmen.

Ho presiserer at feilen no er retta opp i, men at fleire tusen straummålarar framleis har eit problem.

Kven tek rekninga for problema dette medfører?

– Vi kjem nok til å sende reklamasjon til Nuri Telecom på dette. Kostnadane er me usikre på, sidan me ikkje kjenner til heile omfanget enno.

Julestormane var positivt for straummålarane

For å tilby kundane sine ei løysing på problemet, må BKK ut til husstanden for å bytta ut kommunikasjonskortet og oppdatere det til den riktige versjonen. Ei enklare løysing er om kunden sjølv skrur av hovudsikringa.

Straumbrot har nemleg vore positivt for dei gamle modellane. Då har dei gjenoppretta seg sjølve.

Kundar kan rette opp i problemet sjølve

Om ein har fått ny automatisk straummålar, og ser på fakturaen at forbruket har blitt stipulert over lengre tid, har ein truleg den eldste versjonen av målaren.

– Som kunde kan ein bidra stort ved å sjølv kople ut hovudsikringa i minst ein time. Ved straumtilkopling vil heile systemet bli restarta, og feilen blir retta opp, seier Dimmen.

NRK har vore i kontakt med representant for Nuri Telecom i Noreg. Vedkommande opplyser at dei ikkje har høve til å kommentere saka for augneblinken. Dei viser til BKK og dei 26 andre samarbeidspartnarane.